Her
kan du lesa litt om utviklinga til Skånevik Bluesfestival. Frå den forsiktige starten i 1997 og den etter kvart aukande
satsinga på store artistar som har gitt festivalen ry langt utover
landet sine grenser. Vårt motto vil alltid vera: Skånevik Bluesfestival
vil legge heile sitt hjarta i å skape musikalske opplevingar for deg
blant venner og flott natur!
Ved
å klikka på namna kan du få opplysningar om artistane. Ein del av
bileta kan også forstørrast. Fotoalbumet kan køyrast som
Automatisk framvisning.
Send
oss gjerne bilete som du meiner fortener plass på websida til
Skånevik Bluesfestival.
2011
Hjarteleg takk til publikum og
artistane,
frivillige, Røde Kors-vaktselskap, politiet, riggarar, lydfolk,
Hansa, alle i Festival Crewet og andre som gjorde ein glimrande
innsats under årets festival.
2009 Artistane, publikum og sola
strålte om kapp i Skånevik sist helg. Festivalen vart ein stor
suksess og vi gler oss til å starta planlegginga for Skånevik
Bluesfestival 2010. Her kan du sjå ein del avisartiklar og
biletseriar etter kvart som dei bli lagt ut. Sjå også festivalfotograf Trond Husebø
sitt album frå
festivalen i år.
2007 Hjertelig
takk for besøket og bidraget til at Skånevik Bluesfestival blei ein
suksess. Tilbakemeldingar frå artistane er flotte, og t.d. Paul Rodgers
hadde aldri hatt eit så musikalsk publikum som song så kraftig mot
scenen. Den einaste plassen som kunne komme opp mot Skånevikspublikummet
var eit show i San Francisco. Så det seier jo sitt. Vonar du har hatt
mange flotte opplevingar i Skånevik. Nå pustar vi
litt ut nokre timar, så er det full planlegging mot 2008 Festivalen.
Hjertelig velkommen tilbake! Me vil samtidig få takka alle
frivillige som har stått på for at Bluesfestivalen skulle bli så bra!!!
Helsing
Festivalleiinga
Louisiana
Red & The Blues Masters All Star Band (US/N)
Hereide
& The Bluesgangsters (N)
Paul Lamb & Gene Taylor Blues Revue
(UK/US/N)
Terje
Frigård Bluesband (N)
2006 Kjære
Festivalpublikummar!
Hjartelig
takk for eit fantastisk oppmøte til 10-årsjubilanten i 2006.
Rekordtal på publikum og flotte artistar, gjorde at dette blei
tidenes festival.Tilbakemeldingane
frå publikum, DumDum Boys, The Original Blues Brothers Band, Whitesnake og alle dei andre artistane, er flotte. Dette gjer
at me får ny energi
til
å gå i gang med booking av artistar, og planlegging av Skånevik
Bluesfestival 2007.Håper
du hadde nokre fine dagar i Skånevik. Det er det me jobbar for
heile året.
Velkommen
i juli 2007.
Helsing
Festivalleiinga
Som vanlag stor stemning ved House of Blues Her
er nokre linkar frå digitale aviser. Vi vil peika på at
papirutgåvene har fleire og større omtalar av Skånevik
Bluesfestival. Dei var alle svært positive!
2005 Ei
stund før festivalen var Skånevik Bluesfestival medarrangør av ein
svært vellykka konsert med legendariske Deep Purple i
Haugesund. Den
9. Skånevik Bluesfestival blei ei storarta oppleving. Publikum strøymde til frå alle kantar, artistane var glimrande,
stemninga var
høg og veret var kjempeflott. Kva meir kan ein
ønskja seg? Stor stemning på Blues Lunchen
Her
finn du bilete frå festivalen 2005 og linkar til omtale i media.
Følg med på vår webside og sjekk alt no at du kan komma til
jubileumsfestivalen den 6. - 7. - 8. juli i 2006.
Sjå vårt fotoalbum frå festivalen i 2005.The
Norvegian Bluesworld (fotoalbum)
2004
Det er inga tvil. Skånevik
Bluesfestival 2004 blei verkeleg ei strålande oppleving ein seint vil gløyma:
Det var fleire publikum enn nokon gong, artistane viste seg frå si beste
side, stemninga var på topp og alle dei mange tusen som var her såg
verkeleg ut til å kosa seg i Skånevik denne første helga i
juli.
Ein streama video om festivalen, laga
av produktsjef Roger Flatebø frå Telenor,
er lagt ut her på websida. Du kan også kosa deg med litt
presseomtale og nokre bilete frå festivalen.
. Bergens
Avisen:
- Dere er fantastiske, ropte gitarist Rudolf Schenker. Scorpions satte publikumsrekord i Skånevik lørdag kveld.
Nærmere 6000 mennesker kom fra Vestland og Østland for å
høre de tyske hardrockerne.