Mediabilete


 

Ungdomsscene (Lagt ut 09.05.12)
 
Vil du spela på Skånevik Bluesfestival?  Vi samarbeider med Sebyen og Radio102 for å leggja til rette for at nye talent kan få opptre i Skånevik under festivalen i sommar.  Les meir og høyr intervju  Sjå video


Programmet er klart (Lagt ut 03.05.12)
 
No er programmet for Skånevik Bluesfestival klart og heile 22 band kjem til Skånevik i sommar.  Det meir enn nokon gong.  Sidan vi starta opp i 1997 har vi vakse oss store og sterke.  Svært mange kjem tilbake år etter år, noko som vi tar som eit stort kompliment.  Programmet er svært omfattande og vi vil som før prøva å leva opp til vårt motto:   Vi vil leggja heile vårt hjerta i å skapa musikalske opplevingar for deg blant venner og flott natur! 


Daniel Norgren (S) til Skånevik (Lagt ut 01.05.12)
 
Daniel Norgren fra Sverige er tydelig inspirert av amerikansk gospel og blues, som han "skitner til" med sjelfull rock. Han har vært beundret av publikum siden hans debut i 2007 med albumet Kerosene Dreams. Debuten ble etterfulgt av albumet Outskirts i 2008, og på slutten av 2010 gav han ut Horrifying Deatheating Blood Spider, som resulterte i en nominasjon som årets Singer/Songwriter på Manifestgalan.  Siden 2009 har Daniel Norgren turnert over hele Europa, Skandinavia og USA.


Chris Thompson & Mads Eriksen band (UK/N)(Lagt ut 30.04.12)
  Chris Thompson var vokalist og frontfigur i det legendariske bandet "Manfred Mann's Earth Band". Bandet var på 70-tallet et av verdens største band. På reportoaret står selvfølgelig en rekke Manfred Mann-klassikere. Superhits som "Davy's On The Road Again", "Blinded By The Light", "Mighty Quinn", "For You", "Questions" og "Spirits in the Night” er låter som nesten daglig er å høre på norske radiokanaler.  Mads Eriksen har i mange år vært en strålende gitarist.  I 2009 spilte Chris Thompson & Mads Eriksen band rundt 20 konserter i Tyskland for et stort publikum.  De siste åra har de skapt stor stemning på mange festivaler og i mange konsertsaler.


Twisted Sister klar for Skånevik (Lagt ut 19.04.12)
 
  Med songar som You Cant Stop Rock n Roll, We're Not Gonna Take It, I Wanna Rock, Leader Of The Pack, Under The Blade, I am Im Me, osv. – har Twisted Sister gjennom fleire ti-år tatt verda med storm. Sminka er no borte, men energien under showa er like stor i dag som på 80 – talet.  NRK - Feirer 15 år med blues og partyrock


Festivalpass (Lagt ut 1.03.12)
 
Salet av festivalpass har starta hos Billettservice!


Thin Lizzy til festivalen (Lagt ut 15.03.12)
   Tradisjonen tro setter Skånevik Bluesfestival opp historiske Classic Rock band på programmet.

  Thin Lizzy var uten tvil ett av 70- og 80-tallets fremste hardrockband. Bandet har inspirert mange band i nyere tid, og Thin Lizzy startet blant annet trenden med sine doble gitarharmonier, som senere ble adoptert av andre store band, som Iron Maiden og Judas Priest.  Thin Lizzy ble etablert i Dublin allerede på slutten av 60-tallet, dog var det ikke før på 70-tallet at bandet virkelig begynte å få smake på suksess. Med hits som “Whiskey In The Jar”, “The Boys Are Back in Town”, “Jailbreak”, “Dancing In The Moonlight” med flere, regnes de i dag som et av tungrockens aller største navn! 


Nye artistar til Skånevik (Lagt ut 26.02.12)
  Gráinne Duffy frå Irland har musikkutdannelse fra college, hvor hun studerte klassisk musikk og jazz. Men hun forteller at hun etter at utdannelsen var over bestemte seg for at det var rock’n’roll og blues hun ville spille. Hun er ein flott sangartist og ein svært dyktig gitarist. Vi ser virkelig fram til hennes besøk i Skånevik til sommeren. 

  Randy Pavlock (US) er ein svært dyktig bluesartist som kjem frå Austin i Texas og som sjølvsagt spelar ekte blues-rock.  I tillegg er Bernie Marsden (UK), klar for Bluesfesten. Det er ti år siden Gary Moore var på besøk i Skånevik, så litt mimring og gitarspilling av Bernie vil bli bra. Også Rory Gallagher-låter er på programmet.


Killer Queen tilbake til Skånevik (Lagt ut 11.02.12)
  D
e var her i fjor og laget et fantastisk show. Nå er de tilbake for å lage allsang og stor stemning i Arenateltet!!  Killer Queen har et av verdens beste Queen tribute show. Internasjonalt anerkjent, og godkjent av Queen's opprinnelige gitarist Brian May som "utrolig", er Killer Queen et dynamisk og spennende rockeband.
  Den flotte blues-songaren og gitaristen Tutu Jones frå Dallas er også klar for Skånevik Bluesfestival.


Dana Fuchs til Skånevik Bluesfestival (Lagt ut 04.02.12)
 
H
o er eit fyrverkeri på scenen.  Hennar stemme  er fantastisk og ho gjer alt av seg sjølv under konsertane.  I fjor haldt The Dana Fuchs Band fra USA to fantastiske konsertar på Notodden.  På kort tid har har ho blitt svært populær.  Ho er blitt samanlika med rocke- og bluesstjerner frå Janis Joplin til Mick Jagger via Bonnie Raitt.


To nye artistar til festivalen (Lagt ut 02.02.12)
  F
inske Erja Lyytinen har de siste årene tatt den internasjonale musikkscenen med storm og hun ble nylig rangert blant de fem beste gitaristene i Finland. Enkelte musikere har evnen til å bevege din sjel og få deg til å smile på samme tid. Erja Lyytinen er absolutt en av disse.  Vi har også fått tak i Mud Morganfield, ein stor bluessongar frå USA som er sonen til legendariske Muddy Waters.  Artikkel om Erja i BT


Shemekia Copeland og Larry McCray kjem (Lagt ut 27.01.12)
 
The Queen of The Blues, Shemekia Copeland  og Larry McCray begge frå USA er klare for Skånevik Bluesfestival.  Copeland hadde ein flott konsert her i 2007 og vi gler oss verkeleg til ho kjem tilbake.  Larry McCray m/band er strålande blues og soul med glitrande gitarspel.  Velkommen til alle!


Store artistar er alt klare for festivalen i 2012(Lagt ut 23.01.12)
 
Kjære festivalvenner. Artistane for 2012 strøymer på, og vi har no starta med å legga ut programmet  her på websida.  Første artist ut er fyrverkeriet Beth Hart (US) - hos gjester Skånevik Bluesfestival for 3. gong!   Dei norske toppartistane Vidar Busk & His Bubble Trouble og Bjørn Berge kjem også til festivalen i sommar.  Vi gler oss til å møta dei igjen.


Filmen om festivalen i 2011 er klar (Lagt ut 19.12.11)
Sjå den flotte filmen om Skånevik Bluesfestival 2011 på Del 1 og Del 2 på YouTube.


Takk for ein strålande festival! (Lagt ut 04.07.11)
 
Hjarteleg takk til publikum, frivillige, Røde Kors-vaktselskap, politiet, riggarar, lydfolk, Hansa, alle i Festival Crewet og andre som gjorde ein glimrande innsats under årets festival.

  Artistane har vore fulle av energi og gitt sitt beste for at du skal ha det bra og få ein musikalsk happening.  Neste års 15 års jubileumsfestival blir 5.- 6.- 7. juli. 
Takk for denne gongen og hjerteleg velkommen neste år! Helsing Alf W - Festivalsjef


Arnel Pineda saman med Foreigner i Skånevik torsdag.

Litt frå den flotte omtalen i media:

Bluesbygda slår til igjen (BT) - Fra Manila til Skånevik via (NRK) Youtube - Vellukka blueshelg (Grannar) Full gass fra start på bluesen (Haugesunds Avis) Skånevik Bluesfestival 2011 (NRK) - Sommerfest i Skånevik (Hgs. Avis) Godt bluesbesøk (BA)


Festivalutstillar 2011:  Nils Pedersen (Lagt ut 17.06.11)
 
I år er det 10 år sidan Nils Pedersen var festivalutstillar på Skånevik Bluesfestival for fyrste gong. Så i år vert det ei jubileumsutstilling!   
  Pedersen er stadig på farten i både inn- og utland, for å oppleve, bli inspirert, male og halde utstillingar. 
Les meir


Programmet er klart  (Lagt ut 10.06.11)
 
Killer Queen har et av verdens beste Queen tribute show. Internasjonalt anerkjent, og godkjent av Queen's opprinnelige gitarist Brian May som "utrolig", er Killer Queen et dynamisk og spennende rockeband. Killer Queen vokalist Johnny Blunt er den fremste lookalike Freddie Mercury imitator i verden. Johnny ble nylig omtalt i Womans Day Magazine i en to-siders artikkel basert på hans forbløffende likhet. De har fått strålende kritikker og attester fra mange kjente artister og skal i sommer turnere i Europa. Heile programmet er no klart.


Artistane til Blues Cruisa er klare (Lagt ut 11.05.11)
 
Fredag spelar Jan Flaaten Band (N) og laurdag Frigaard (N) på Blues Cruisa.  Begge dagar kl. 13.00 - 14.30 - 16.00 på Skåneviksfjorden.


Never The Bride og Scandinavian Blues Revue til festivalen (Lagt ut 29.04.11) 
 
Engelske Never the Bride har spelt rock 'n' roll sidan starten på 1990-talet, og er fronta av den kvinnelege vokalisten Nikki Lamborn. 30. juni står dei på scena under Skånevik Bluesfestival.  Bandet har turnert verda rundt og opptredd saman med artistar som The Who, Robert Plant, ZZ Top, The Pretenders, Alice Cooper og Peter Frampton.

  Også Scandinavian Blues Revue kjem til Skånevik. Eit knippe av dei mest spennande blues- og rootsmusikarane i Skandinavia lagar ein revy der korta skal blandast og ny søt musikk vil oppstå.  Mellom dei er den glitrande danske Peter Nande som gjesta Skånevik Bluesfestival i 2009 med stor suksess.


Nye artistar er klare (Lagt ut 05.03.11) 
 
Dei har vore her mange gonger og kjem heldigvis i år også.  Gle dykk til å oppleva enno eit show med Stavangerensemblet.  I tillegg kjem Hereide & The Bluesgangsters (N) - Robert Taylor Blues Band (US/NO) og showbandet The Penny Black Remedy (UK/KRO/NED).


Video frå festivalen i 2010 (Lagt ut 07.02.11) 
 
Kos deg med video og flotte minne frå festivalen i 2010!


Gary Moore har gått bort (Lagt ut 07.02.11) 
 
Den strålande artisten døydde sist søndag berre 58 år gamal.  Gary Moore var hovudartisten ved festivalen vår i 2002 og haldt ein fantastisk konsert i arenateltet.  I 2007 reiste vi ei statue av han på øya Skåno ved innseglinga til Skånevik sentrum.  Gary Moore gikk bort altfor tidleg, men dei flotte musikalske minna om han vil leva vidare.


Gary Moore (UK) i Skånevik i 2002


Billettsalet har starta (Lagt ut 02.02.11) 
S
alet av ein del billettar til Skånevik Bluesfestival 2011 har starta hos Billettservice. Eit avgrensa tal Festivalpass gjeld alle arena alle dagar/kveldar unntatt Blues Cruise. Passet er eit armband som ein får utdelt på festivalkontoret i Skånevik.
Les meir


Hans Bollandsås klar for festivalen (Lagt ut 01.02.11) 
 
O
utsideren Hans Bollandsås stakk av med seieren i X-Factor 2010 mot alle odds, og beviste at egenart og særpreg varer lengst – selv i sangkonkurranser på TV! Men Hans’ musikalske bakgrunn går mye lenger tilbake enn noen korte opptredener på TV-skjermen i fjor høst. Lenge før X-Factor var Hans godt etablert innenfor det norske Blues-miljøet som en respektert musiker – og ikke minst anerkjent som en av landets dyktigste gitarister. Beviset på dette fikk han da han i november ifjor ble kronet med tittelen ”Norgesmester i Blues-gitar” på Gitarkappleiken på Notodden.  Les meir


Journey (US) og Foreigner (US/UK) til Skånevik (Lagt ut 26.01.11) 
 
Torsdag den 30. juni vil du få ein fantastisk oppleving i det største festivalteltet i Noreg.  To av verdas mest legendariske og beste rockeband kjem til Skånevik Bluesfestival.  Journey har seld meir enn 80 millionar album og Foreigner berre 10 mill. mindre.  Altså til saman ca. 150 millionar album.  For første gong i historia opptrer dei i Noreg på same scenen.  Eit par veker tidlegare gjer dei det for første gong i England, på legendariske Wembley  Arena.  Hits og slagere vil fylle Teltet i Skånevik med Rock´n Roll og gi deg ein unik Happening! Les meir


Nye artistar! (lagt ut 24.01.11) 
 
Noora Noor og ORBO & The Longshots kjem tilbake også i år. Begge er vinnar av Spelemannsprisen.  Dei hadde stor suksess på Skånevik Bluesfestival i fjor og er sjølvsagt svært velkomne tilbake i år.  Det same er også Junior Watson frå USA.  Han skape stor stemning på festivalen vår i 2003 og vi reknar med han vil gjera det same i år.  Velkommen til Junior Watson!


ORBO & The Longshots selde mange album etter konserten i fjor!


Fleire store artistar er alt klare! (lagt ut 19.01.11) 
 
Knallartisten Jonny Lang (US) med fantastisk stemme og gitarspel er også klar for den 15. bluesfestivalen i Vestlandets Blueshovudstad! Han kjem for første gong til Noreg.  Det same er fyrverkeriet Sharon Jones & The Dap Kings.  Det er også med stor gleda vi kan bekrefta at publikumsfavorittane Trampled Under Foot (US) kjem tilbake i år også!


Programarbeidet i full gong (lagt ut 27.12.10) 
 
Datoane for festivalen er no bestemt til torsdag 30 . juni - fredag 1. juli - laurdag 2. juli.  Vorspielet på House of Blues vert også i år onsdag den 29. juni.  Vi er godt i gong med planlegginga av festivalen til sommaren og fleire flotte artistar er snart klare.  Det er med ein stor gleda vi kan stadfesta at fenomenale Vidar Busk, som samlar saman True Believers til reunion, er klar for Skånevik Bluesfestival 2011.


Ein strålande festival (lagt ut 07.07.10) 
 
Artistane, publikum, dei som jobba for festivalen, arrangørane og veret gjorde sitt til at dei blei ein strålande 14. bluesfestival i Skånevik.  Mange tusen koste seg i den flotte bygda vår.  Her er ein del artiklar om arrangementet i helga: 
Grannar 1 - Grannar 2 - Grannar 3 (album) Haugesunds Avis 1 - Haugesunds Avis 2 -
Haugesunds Avis 3  - BluesNews 1 Blues News 2 - Martin Kyte sitt album Bluesworld  Vår fotoalbum for 2010 Bilete frå NRK


Bergen Bluesband var i storform under Skånevik Bluesfestival 2010



Beth Hart ga alt under Skånevik Bluesfestival i fjor

Vi har klart det igjen! (lagt ut 02.06.10)
  Beth Hart (US) gjorde stor suksess i fjor og kjem tilbake i år.  — Det har vore ein storm av folk som ville ha henne tilbake etter fjorårskonserten. Ho var knallpopulær og eg har arbeidd ei stund for å få henne tilbake, fortel leiar for Bluesfestivalen, Alf Warloe Christohersen. Ho gler seg stort til å komma tilbake til denne flotte plassen, Skånevik.


Kjem til Skånevik (lagt ut 26.05.10)
 
BA.NO:  Fredrik Strand Halland (16) fra Bergen er kåret til Norges Ukjente Gitargeni.  I ettermiddag får han premien av sitt store forbilde, gitarhelten Joe Bonamassa fra New York.  – Dette er utrolig gøy. Jeg ser virkelig frem til å møte Joe Bonamassa, som er en av de virkelige store rocke- og bluesgitaristene. Veldig stort, sier Halland til BA. Les meir i Ba og i BluesNews


Startar Europaturneen i Skånevik (lagt ut 09.05.10)
 
  Dei kjem frå vårturne i Sør-Amerika og byar som Santiago, Sao Paulo og Buenos Aires.  Europaturneen legg opp til konsertar mellom anna i Monte Carlo, Toulouse, Roma og Milano.  That Little Old Band from Texas startar Europaturneen ved Skånevik Bluesfestival fredag den 2. juli kl. 21.00.  Det er ein stor fordel å tinga billettar alt no. Sjå heile turneprogrammet til ZZ Top på deira webside.


Billettsalet startar (Lagt ut 23.02.10)
  Salet av billettar til Skånevik Bluesfestival 2010 har starta hos Billettservice. Festivalpass gjeld alle arena alle dagar/kveldar unntatt Blues Cruise. Passet er eit armband som ein får utdelt på festivalkontoret i Skånevik. Billettar


ZZ Top til festivalen (Lagt ut 18.02.10)
   Etter mykje arbeid har vi endeleg fått bekrefta avtalen med ZZ Top (US).  Denne gruppa har millionar av fans over heile verda. Dei har rykte som eit formidabelt live blues – rockband og har seld mange millionar plater. Dei kjem til Vestlandets Blueshovedstad fredag 2. juli. Då bør du alt ha kjøpt billett til deira show i bluesteltet!

 


Dei første artistane er klare! (Lagt ut 20.01.10)
   Vi er godt i gang med planlegginga av den 14. Skånevik Bluesfestival.  Svært mykje arbeid gjenstår, men dei første artistane er alt klare:
  Stjerneskotet Joanne Shaw Taylor og den hotte bluesfornyaren Aynsley Lister.  Begge frå England.  Vi får også besøk av soul - og gitalsjefen Eddie Cotton frå Missisippi. 
  I tillegg er også våre eigne bluesstjerner Bjørn Berge, Reidar Larsen, Knut Reiersrud og Noregs souldiva Noora Noor klar for Skånevik Bluesfestival 2010.


Gle deg til første veka i juli i 2010! (Lagt ut 14.10.09)
 
Hjarteleg takk til alle som var med og gjorde 2009-festivalen til ein fest. Flott publikum! Supre frivillige! Som saman med mange medhjelparar og aktørar har gjort Skånevik Bluesfestival til ein fornøyelse å arrangere.
  Neste år blir festivalen arrangert den 1. – 2.  – 3. juli.  Planlegginga er i full gang, og mange artistar er alt på plass. Håpar du gler deg til første helga i juli og ny Bluesfest i Skånevik. 
Hjartelig takk for 2009 og velkommen i 2010.
Helsing Festivalsjef
Alf Warloe Christophersen


Det var ei strålande Blueshelg (Lagt ut 06.07.09)
 
Artistane, publikum og sola strålte om kapp i Skånevik sist helg.  Festivalen vart ein stor suksess og vi gler oss til å starta planlegginga for Skånevik Bluesfestival 2010.  Her kan du sjå ein del avisartiklar og biletseriar etter kvart som dei bli lagt ut.  Vår festivalfotograf Trond Husebø er snart klar med albumet frå festivalen i år. 
Les fleire artiklar i Hgs. Avis    Grannar1  Grannar 2
Album Norwegian Bluesworld  Martin Kyte sin biletalbum
BluesNews Alice toppet Skånevik-festen (NRK)

Skånevik Bluesfestival på youtube.com.

Velkommen til Festivalen (Lagt ut 30.06.09)
 
Skånevik er klar og ventar i spenning på deg og dine venner. Ein kjempeflink og positiv gjeng som jobbar dugnad for å få dette til, står klar til å ta imot deg. Ei helg full av musikalske høgdepunkt med litt for ein kvar smak.  Dette er den trettande festivalen og me har hatt det fantastisk moro desse åra. Når ein ser tilbake på alle dei flotte artistane og det fantastiske publikummet me har hatt i Skånevik, kan ein ikkje anna enn å glede seg heile året til neste festival. Her blir det Blues-Rock og Soul på programmet som vanlig, og håper du får det moro og bra når du er hos oss. Ta vare på vennene dine og andre på festivalen så blir dette ei flott helg.

Hjertelig velkommen til Skånevik Bluesfestival!
Helsing Festivalsjef
Alf Warloe Christophersen


Ekstra Blues Cruise fredag (Lagt ut 23.06.09)
 
Det er med stor glede vi kan stadfesta at det vert arrangert eit ekstra Blues Cruise på Skåneviksfjorden fredag kl. 17.00.  Under festivalen i år blir det altså heile fire Cruise.  Blues in a Cop spelar på alle Cruisa.  Billettar kan tingast på Skånevik Fjordhotell. 


Alice Cooper klar for festivalen (Lagt ut 14.04.09)
 
No er det endelege programmet for Skånevik Bluesfestival 2009 klart: Siste artist og ein av headlinarane Alice Cooper (US) kjem til Skånevik og opptrer i teltet den 4. juli.  Det kjem til å bli litt av eit show.   Utan Alice Cooper hadde det kanskje ikkje vore nokon KISS, Marily Manson, Motley Crue eller David Bowie.  Les meir


Billettsalet startar (Lagt ut 03.03.09)
 
Til helga startar Billettservice salet av Festivalpass for alle dagar og arenaer utanom Blues Cruise på Skåneviksfjorden.  Pris kr. 1500,- + avgift.  Samstundes startar salet av pass for fredag og laurdag i Bluesteltet.  Pris kr. 995,- + avgift.


Beth Hart kjem til Skånevik (Lagt ut 11.01.09)
 
Det musikalske og verbale fyrverkeriet Beth Hart (US) kjem til Skånevik Bluesfestival den 3. juli.  Ho var i Noreg seinast i fjor og gjorde nokre fantastiske konsertar.  Les meir på websida hennar
og les om festivalen i Haugesunds Avis.


Første bandet klart for festivalen! (Lagt ut 23.12.08)
 
Ingen ringare enn legendariske Watermelon Slim & The Workers (US) er første band som er klar for Skånevik Bluesfestival 2009. I 2008 vant dei to Blues Music Award for beste CD og beste Bluesband.  Litt av ein prestasjon!  Watermelon Slim er inkarnasjonen av dei djupaste og mest opprinnelege røtene i amerikansk musikk. Dei vil gje deg ei stor oppleving i Skånevik til sommaren!  Les meir på websida deira

Skånevik Bluesfestival 2009
 
Datoane for Skånevik Bluesfestival 2009 er no bestemt til torsdag 2. juli - fredag 3. juli - laurdag 4. juli.  Du er hjarteleg velkommen til Vestlandets største bluesfestival!


Takk til publikum! (Lagt ut 14.08.08)
 
Hjarteleg takk for besøket på årets Festival. Det vart ei knall helg med nydeleg ver og mykje flott musikk. Takk for alle positive mailar og for at alle tar vare på kvarandre på festivalen.  Med så mykje folk, båtar og diverse er det viktig at ein er litt obs på at alle har det bra og ikkje kjem ut for noko som ikkje er bra.  
   Ein vil samstundes retta ei stor takk til alle dei frivillige som stilte opp for sine respektive lag og for festivalen. Utan dykk blir det ikkje festival.   Artistane var også i storform og gav mykje av seg sjølv under konsertane. Alle vil gjerne tilbake snarast mulig.
 
Me er allereie i gong med planlegging av programmet for neste år og vil gjerne at du skal komma med forslag til band som du gjerne vil ha med på festivalen. Det vil også bli lagt ut ei avstemming på nokre artistar her på wesida. Dei med flest stemmer vil få spela på Skånevik Bluesfestival 2009.  
  Skånevik gir gass igjen, og du er hjertelig velkommen 2. - 3. - 4 juli 2009.
Helsing Festivalleiinga


Det blei ein strålande festival! (Lagt ut 07.07.08)
 
Publikum strøymde til festivalen i det flotte veret og saman med artistane lagde dei ei strålande oppleving for alle som deltok på Skånevik Bluesfestival 2008.  Her kjem etter kvart ein god del linkar frå festivalen: Haugesunds Avis - Hgs-Avis video - Bilder Hgs. Avis - Skånevik/Misssisippi - Iggy Pop Hgs. Avis - Frå Festivlen i BT - Iggy Pop i BT - Mad and Hungry i BT  - Blues i knallvær (BA) - 3 seriar av Martin Kyte - Norwegian Bluesworld - BluesNews 


Kjære festivalpublikum! (Lagt ut 27.06.08)
 
Alf Warloe Christophersen:  Endelig er det Skånevik Bluesfestival igjen. Lange forberedelser er snart slutt, og Skånevik er igjen klar for å ta imot deg som festivalgjest.   Her drar mange lasset saman for at du skal ha det bra under festivalen, og få den opplevelsen me vil du skal ha når du er i Skånevik. Gjennom vinteren har me fått mange mailar fra folk som gleder seg til festivalen og ser på det som årets musikalske høgdepunkt.   Slikt gleder, og gir inspirasjon til å gi gass, og laga kanskje den beste festivalen til nå.   Det er lagt mykje sjel i å plukka fram alle dei flotte artistane som komme på besøk til Skånevik desse dagane.   Artistbudsjettet er stort, og her blir det Rock/Blues og Soul natt og dag, slik varemerket for Skånevik Bluesfestival er. Ta godt vare på deg sjøl og dei rundt deg desse dagane. Sammen ska me laga ein flott festival!   Hjertelig velkommen og nyt dagane med topp musikk og gode venner!!   Helsing Festivalsjef Alf Warloe Christophersen


Billettsalet har starta (Lagt ut 18.04.08)
 
Programmet for Skånevik Bluesfestival er no klart.  Vi er svært stolte over å ha henta store artistar som Iggy Pop & The Stooges, Delbert McClinton og Robert Randolph & The Family Band til festivalen. Programmet som heilskap er , etter vår meining, det beste vi har presentert.   Billettsalet har starta og vi trur det vil vera lurt å tinga billettar snarast til nokre av arrangementa.  Velkommen til Skånevik Bluesfestival!


Iggy Pop til festivalen (Lagt ut 03.04.08)
 
Fredag 4. juli dukker den amerikanske rockeren, legenden og gudfaren opp i teltet i Skånevik. Iggy har med seg bandet sitt – The Stooges. Iggy Pop og hans menn kommer fra USA til Helganes for å gjøre eksklusiv konsert i Skånevik. Iggy Pop er rockens villmann. Sammen med The Stooges ga han i 1970 ut klassikeren "Fun House" – ofte på topp 5 over tidenes album – før superfan David Bowie produserte nok en klassiker i "Raw Power" utgitt 1973.  Les meir


Artistar som er klare (Lagt ut 03.02.08)
  Sjølv om headlinarane enno ikkje er klar, legg vi ut eit knippe band som vi veit kjem til festivalen. Dette blir den 12. blues- og rockfestivalen i Skånevik.  Vi vil bruka all vår erfaring frå tidlegare saman med nye impulsar for å gje deg og dine ei strålande oppleving du seint vil gløyma.  Følg med på vår webside - nye artistar blir lagt ut etter kvart som dei er klare.  


Bookingarbeidet i full gong(Lagt ut første gong 29.11.07)
 
 Arbeidet med booking av artistar til Skånevik Bluesfestival 2008 er i full gong.  Her blir det som tidlegare blues - rock - og soulartistar på rekke og rad.  Følg med!  


Bilete frå festivalen 07 (Lagt ut første gong 10.07.07)
 
 Dei offisielle festivalbileta til vår fotograf Trond Husebø er klare. I tillegg kan du kosa deg med fleire andre biletseriar:
Frå Bluescruiset på Skåneviksfjorden Stemningsbilete og Bilete av Martin Kyte Norwegian Bluesworld


Bluescampen ( Lagt ut 22.07.07)
 
Takk til all dei som budde på bluescampen.  De var utruleg flinke til å rydda etter dykk.  Tusen takk!  Helsing bluescampansvarleg Tove Samland 


Frå media under festivalen ( Lagt ut 05.07.07)
Blå suksess i  Skånevik ( Grannar 09.07.07) 
Alt fra Skånevik ( Hgs. Avis 08.07.07) 
Skånevik "bluest" i gang ( Radio102 06.07.07) 
Waterboys i fin flyt ( Hgs. Avis 06.07.07) 
Rocka bluesopning ( Grannar 06.07.07) 
Mira vrikket i gang festivalen ( Hgs. Avis 06.07.07) 
Festivalklare Skånevik ( Hgs. Avis 05.07.07)


House of Blues klart for festivalen ( Lagt ut 23.06.07 )
  Vi har jobba hardt for at du skal få oppleva stemninga inne i og utanfor vårt nye, flotte House Of Blues

  er bygd i sjøhusstil og tar vare på gamle tradisjonar i vårt område.  Innreiinga av House Of Blues - lokalet er spennande og prega av dei mange bluesstjernene som vi har hatt på besøk.  Vår mål er at det einaste House Of Blues i Noreg gjennom heile året skal gi mange storslåtte opplevingar Skånevik, Sunnhordlands Perle. Nytt av året under festivalen er arrangement inne i HOB både fredag og laurdag kveld. (Bilete av Sigurd Eikemo)


The Waterboys klar for festivalen( Lagt ut 21.06.07 )
 
Bandet med Mike Scott i spissen kjem frå Norwegian Wood -festivalen der dei haldt ein formidabel konsert som VG ga terningkast 6. Dei skriv m.a.:   Mike Scott og hans venner tok ut alle de velkjente elementene - det aggressive raseriet og den lavmælte spenningen, de gode låtene og de krasse tekstene, den hjemlige (irske) musikktradisjonen og den nærmest episke feelgood-stemningen som oppstår når Waterboys bretter ut sin katalog av stolt frihetsrock.  Les meir i programmet


Rockelegende til festivalen ( Lagt ut 14.06.07 )
 
Paul Rodgers, legenden frå Free, Bad Company og The Firm er klar for Skånevik Bluesfestival.  Han har seld meir enn 90 millionar plater og har skrive, spelt inn og gitt ut 28 album siden 1968. Kven kjenner ikkje låta "All Right Now".  I 2005 turnerte han saman med Queen, som vokalist i eit at verdas tøffaste rockeband. Les meir i programmet


Kjære festivalvenner ( Lagt ut 12.06.07 )
  Beklager at det har dratt litt ut med erstattere for ZZ Top, grunnet vanskelig dato over heile Europa. Vi kommer med 2 nye artister på programmet denne veka. Det vil bli eit Rockeband på torsdagen og eit Rock`n Roll band på laurdagen. Så dette skal bli bra!

Dersom det er noen som vil ha refundert lørdagsbilletten, så er det mulig i denne uke 24 å kontakte billettservice/posten, så ordner det seg.  

Viss du ikkje kjem til Skånevik, går du glipp av ei stor festivaloppleving!
Her blir det mange knallkonserter og full festivalstemning!  Hjertelig velkommen!

Helsing
Festivalleiinga


ZZ Top European tour cancelled
( Lagt ut 21.05.07 )
Pressemelding frå manageren til ZZ Top: ZZ Top’s planned European concert tour that had been slated to start this June has been cancelled so that the band’s Dusty Hill can be treated for an acoustic neuroma.  According to attending physician Shawn S. Nasseri, based in Beverly Hills, the ZZ Top bassist’s condition which could have an impact on his hearing and sense of balance is the result of a small benign growth in his inner ear.  The band finds it unable to reschedule those dates due to a domestic performance schedule that had already been booked.  They expressed their sincere regrets and disappointment to their European fans in not being able to make the trek over this year.
  Dr. Nasseri, a Harvard Medical School graduate who trained in otolaryngology at the Mayo Clinic, spoke on behalf of Hill’s medical team, “In the near term, we plan to stabilize Dusty’s hearing and symptoms with medication and a conservative management strategy.”  Nasseri, who has treated a number of legendary vocalists in his practice, indicated that surgery was not contemplated at this time and that, after the foreseen treatment, Dusty would be able to rejoin his ZZ Top band mates Billy F Gibbons and Frank Beard for touring later this summer.
  Dusty Hill remarked, “I feel that I’m very good hands now and I’m looking forward to dealing with this problem and being out there with Billy and Frank again soon.  With the support of my family and our fans, I’m sure we’ll put this behind us very shortly.”
  ZZ Top has been very active of late with an intensive domestic touring schedule that recently culminated with their being lauded in Las Vegas this past weekend as part of VH 1’s Rock Honors special to be aired May 24th.  Highlights of the he band’s 39 years together were chronicled by Academy Award-winner Billy Bob Thornton with Nickelback performing the ZZ Top classic “Sharp Dressed Man” prior to Dusty, Billy and Frank taking the stage at the Mandalay Bay Events Center for a set that included “La Grange,” “Cheap Sunglasses,” “Gimme All Your Lovin’” and “Tush” featuring Dusty Hill’s lead vocal. 


Dusty Hill er blitt alvorleg sjuk ( Lagt ut 14.05.07 )
  Bassisten Dusty Hill i ZZ Top er blitt alvorleg sjuk og starter strålebehandling omgåande. Vi er alt i full gang med å skaffe erstattar for ZZ Top, og har alt fleire spennande band på blokka. Les pressemeldinga til ZZ Top


Nesten alle billettypar er klar for sal 
( Lagt ut 23.04.07 )
  Programmet for årets festival er snart heilt klart.  Vi meiner vi har det beste programmet nokon gong.  Høyr berre kva bluesguruen i NRK Geir Hovig seier om årets festival til Bladet Blues News:  ... Nå har de sikret seg ZZ Top.  Da tenker jeg det blir kaos ( i positiv mening ) i denne naturperlen ved innseilingen til Hardangerfjorden.  Det eneste showet ZZ Top gjør i Norge, og det kommer til å bli en pågang uten sidestykke.  For oss som lever og ånder for kulturen rundt denne musikkformen er det godt å vite at Billy Gibbons & Co har bidratt med store summer til bluesmuseer og andre kulturinstitusjoner in the Deep South opp gjennom åra.  Her blir det liv!...
 I denne veka blir billettane til teltet fredag og komibillettane til teltet fredag og laurdag lagt ut for sal.  Det kan vera lurt å sikra seg dei billettane ein ønskjer.  


Billettsalet for 2007 har starta ( Lagt ut 07.03.07 )
 
Billettsalet for Skånevik Bluesfestival 2007 har starta med eit avgrensa tal med festivalpass som gjeld alle dagar i Bluesteltet, dagtid ved House of Blues og på Hotellplenen.  
  Det vil bli lagt ut enkeltbillettar for dagar og enkeltarrangement etter kvart som programmet for dei enkelte dagane er klart. Alle billettar blir lagt ut i løpet av mars månad. Les meir


Her kjem House of Blues (Lagt ut 10.01.07)
  Haugesunds Avis:  Det gamle sjøhuset er reve og grunnarbeidet er i gang: Til bluesfestivalen i sommar skal Alf Warloe Christophersen og broren Dag Petter med partnarar ynskja velkomen til landets einaste "House of Blues". – Eg kjenner det slik at me tar bluesfestivalen eit steg vidare. Med dette huset blir det konsertar og småarrangement heile året. I første etasje, på kaiplan, får me sjølve bluesklubben med ein scene, forklarer Alf Warloe Christophersen.
  "House of Blues" blir på "Gamlekaien" i Skånevik sentrum. Bygget får tre etasjar. Dei to øvste høgdene skal innehalda fem husvære. Les meir i Haugesunds Avis


Dei første for 2007 er klar ( Lagt ut 20.12.06 )
 
Gitaristen og vokalisten Coco Montoya er første namn som er klar for neste års bluesfestival her i Skånevik. Montoya har spelt i banda til m.a. John Mayall og Albert Collins. Andre artistar som er klare til festivalen i juli 2007 er Chicago legendene Billy Boy Arnold, Deitra Farr og Jody Williams frå Chicago.  Følg med på programmet og sjå kva for artistar som etter kvart kjem til.


Fekk fylket sin kulturarbeidarpris(Lagt ut 20.12.06 )
 
Hordaland fylkeskommune sitt nyoppretta kulturarbeidarstipend vart delt ut for første gong under fylkestinget 13. desember i år.  Prisen vart delt mellom fire aktørar og ein av dei er Skånevik Bluesfestival.  Alf Warloe Christophersen fikk kr. 10.000 på vegne av festivalen.  
  Det er kultur- og ressursutvalet i fylkeskommunen som har vedteke å oppretta stipendet, og leiar i utvalet, Georg Indrevik, stod for utdelinga.  

Grunngjevinga for utdelinga var mellom anna:
Interessa for festivalen er stor, han er vorten utvida fleire gonger, og fokus på store artistar har gjeve festivalen ry utover landets grenser. 
  Festivalen har vorte eit kraftfullt innslag i «Bluesbygda Skånevik» og regionen omkring, og medverka til å skapa stor aktivitet og knoppskyting i lokalsamfunnet. Festivalen har sett Skånevik på kartet for musikkinteresserte menneske på heile Vestlandet, og har blitt ei merkevare og ein samfunnsbyggar for Skånevik, sa leiar i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik, ved tildelinga til Skånevik Bluesfestival, ved festivalsjef Alf Warloe Christophersen.

— Me set stor pris på dette. Det er ekstra kjekt at folk utanfor lokalsamfunnet også legg merke til det me jobbar med. Det gjer oss ekstra lyst til å bygga vidare på Skånevik Bluesfestival, seier Alf Warloe Christophersen til festivalen si webside.


Datoane for 2007 er klare ( Lagt ut 14.11.06 )
 
Datoane for neste års festival blir torsdag 5. - fredag 6. - laurdag 7. juli 2007.  Velkommen til ei strålande oppleving du seint vil gløyma!


Maleriutstilling ved 10 års jubileet
( Lagt ut 21.06.06 )  
  Utstillingen på Skånevik Fjordhotel åpner fredag 7. juli kl.18.00 og varer ut helgen. 
  Kunstneren Nils Pedersen er tilbake som festivalutstiller på den 10.  Bluesfestivalen i Skånevik.  Kunstneren er født i Skånevik og har bodd hele sitt voksne liv i Oslo. Han var festivalutstiller på bluesen både i 2001 og 2002, med stor oppslutning og god presseomtale begge gangene.   
  De siste 5 åra har Pedersen reist  mye i utlandet. Der han har arbeidet med å utvikle seg som kunstner, bl.a. i India. I denne tida har han hatt 10 utstillinger i inn og utland. I oktober i fjor var han invitert til å holde en utstilling i Iowa, USA. Utstillingen fikk strålende omtale.
I Nov-05 åpnet en kollektiv utstilling i Emerald Gallery, Fairfield, Iowa med ca. 40 inviterte kunstnere fra hele USA og resten av verden, der Nils Pedersen også var med.

011_2005.jpg (44632 byte) 013_2005.jpg (49694 byte) 028_2005.jpg (46563 byte)

  Utstillingen i Skånevik er sammensatt av verker fra de tre siste åra. Han presenterer både figurative og abstrakte uttrykk, rike på farger til dels med en dramatisk spenning mellom de ulike flatene og partiene i maleriene, som ofte forsterkes når man gir seg god tid til å betrakte arbeidene hans.  Pedersen bygger opp maleriene sine lagvis. Han har aldri noen idéer på forhånd, men følger helt og holdent den skapende prosessen, der han snur maleriet hele tiden, slik at det males kontinuerlig fra alle 4 sider mange ganger, helt til det føles ferdig. 
Les mer om kunstneren Nils Pedersen


Fotokonkurranse ( Lagt ut 16.06.06 )  
Ta med kamera når du gjestar Skånevik Bluesfestival i år.  Send inn dine beste stemningsbilete frå Skånevik Bluesfestival 2006 og bli med i konkurransen om gratisbillettar til festivalen neste år.  Frist for innsending av bilete ( maks 3 pr. person ) er 1. oktober i år.  Ein fagjury vil plukka ut dei fem beste bileta som vil bli premierte og presentert her på websida til festivalen.  Alle gode bilete kjem med i fotoalbumet frå Skånevik Bluesfestival 2006.  Send bileta som vedlegg til e-post på adressa adm@skaanevik-blues.com og merk emnefeltet med Fotokonkurranse06.  Hugs namnet på innsendar.


Deler ut musikkstipend ( Lagt ut 16.06.06 )  
S
kånevik Bluesfestival skal i år dela ut eit kulturstipend til unge musikarar.  Stipendet på kr 10.000 er eit resultat av samarbeidet med Posten.  Festivalen vert arrangert for 10. gong og stipendet er ein del av markeringa.  Unge framstormande utøvarar er aktuelle for stipendet innan sjangrar som blues, rock og soul.  Det andre kriteriet et at kandidatane må vera frå Etne eller Vindafjord kommune.  Send inn cd med smakebitar på det de har laga av musikk til Skånevik Bluesfestival v/ Alf Warloe Christophersen 5593 Skånevik. 
  Ein jury vil vurdera kandidatane og prisen vert delt ut under konserten ved House of Blues laurdag 8. juli.  
Les meir i Grannar


Det beste programmet nokosinne( Lagt ut 27.04.06 )  
Programmet for den 10. Skånevik Bluesfestival er no klart.  Det beste nokon gong - etter vår meining.  Toppartistar som Whitesnake (GB), DumDum Boys(N) og The Original Blues Brothers Band (US) vil skapa ei fantastisk stemning i Noregs Største Bluestelt tre kvelder på rad.  Du bør alt no tinga billettar for å sikra deg plass på desse konsertane.  Velkommen til strålande dagar i Skånevik!


Billettsalet for Whitesnake startar! ( Lagt ut 15.03.06 )
  Fredag 16. mars startar billettsalet for konsertane i teltet laurdag 8. juli der det store britiske rockegruppa Whitesnake er hovudattraksjonen.  Det er lurt å bestilla tidleg.  Billettane til dei andre arrangementa vert også snart lagt ut.


Hei Festivalvenner! ( Lagt ut 06.02.06 )
  Nå begynner det å strøyma på med artistar til 2006- jubileet. Ein del artistar blir lagt ut nå framover, og programmet vil bli ferdig i løpet av februar. Det vil bli ei blanding innan Blues/Rock/Soul - sjangeren, som er varemerket til Skånevik Bluesfestival. Lev i spenning, det blir mange kjempeartistar som dukkar opp her på websida. Alt vert planlagt for at du skal ha ei fantastisk Festivalhelg i Skånevik.   Billettsalet vil også starta i februar.


Planlegginga har starta ( Lagt ut 26.09.05 )
  Festivalleiinga er i full gang med planlegging av neste års jubileumsprogram. Den 6. - 7. - 8. juli i 2006 vil det bli gjensyn med nokre som har satt sitt preg på Festivalen tidligare, og overraskingar frå den Internasjonale musikkverden. Lev i spenning!

  Du må gjerne komme med forslag og ynskje om artistar til festivalen. Publikummet vårt er engasjert og entusiastisk, og det er me glade for. Følg med på heimesida til Festivalen, eller meld deg på e-mail lista for info ved endringar på sida.


Privat overnatting ( Lagt ut 28.06.05 )
 
Dei som ønskjer privat overnatting i Skånevik må ta kontakt Tove Samland på  tlf. 53 75 44 02!  Sjå også Reise/Overnatting for meir info.


  Programmet er klart! ( Lagt ut 04.06.05 )
 
No er programmet for festivalen klart! Siste artisten som kom på plass var Sista Monica eit fyrverkeri av ein blues-, soul- og funkartist frå USA  Det vil bli mange høgdepunkt i år også. Programmet er satt saman slik at du skal få knallbra musikalske opplevingar heile vegen.  Med artistar som Europe ( S ), Tony Lynn Washington ( US ), Big Bang ( N ), Bjørn Berge ( N ), Sista Monica ( US ) og Roy Rogers (US) i spissen, vil nok dette sette "fyr" i folk under festivalen. 
Velkommen til Skånevik Bluesfestival 2005!  Du vil får ei strålande oppleving du seint vil gløyma.


Programmet tar form ( Lagt ut 12.05.05)
 
Sjølv om programmet for 2005 er framleis er under arbeid, har det meste no falt på plass.  Her vil det enno komma fleire store overraskingar!  Vi har no lagt ut eit førebels program for dei einskilde arrangementa ved Skånevik Bluesfestival 2005.


Billettsalet for 2005 ( Lagt ut 19.03.05)
 
Billettsalet startar 23. mars.  Nytt i år vil vera at det blir lagt ut billettar som gjeld alle arrangement under festivalen. Dette vil bli eit armband.  
Festivalen i fjor vart utseld på einskilde dagar.  Vi vil oppfordra folk til å kjøpa billettar tidleg, slik at ein er sikker på å få komma inn på alle konsertane.


Festivalen i 2005 ( Lagt ut 22.12.04 )
 
Skånevik Bluesfestival ligg ikkje på latsida.  Vi jobbar knallhardt med booking for 2005.  Lev i  spenning!!  Her blir det garantert mykje bra!
  Festivalleiinga vil ønskja alle eit Godt Nytt År!!  Velkommen til Skånevik Bluesfestival den 30. juni  og 1. og 2. juli 2005.


Johnny Winter står på for festivalen
( Lagt ut 22.12.04 )

  I fjor var legendariske Johnny Winter på besøk ved Skånevik Bluesfestival.  Han ga klårt uttrykk for at han synest det var ein svært bra festival som blei arrangert på ein svært fin plass - Skånevik. Johnny  Winter gjorde ein strålande konsert sommaren 2003 i Skånevik.  Han held fram med å reklamera for festivalen.  På websida til trommeslagaren i bandet hans, Wayne June, finn ein bilete av Johnny i studio i New York kledd i sitt favorittantrekk:  T-skjorta til Skånevik Bluesfestival.  Svært bra dette Johnny  - du er alltid velkommen til vår store festival på vestlandet.  Festivalen med dei største artistane. 

 


Festivalen 2004 var ei stor oppleving
( Lagt ut 09.07.04 )
 
D
et er inga tvil.  Skånevik Bluesfestival 2004 blei verkeleg ei oppleving ein seint vil gløyma:  Det var fleire publikum enn nokon gong, artistane viste seg frå si beste side, stemninga var på topp og alle dei mange tusen som var her såg verkeleg ut til å kosa seg i Skånevik denne første helga i juli.  

  Ein streama video om festivalen, laga av produktsjef Roger Flatebø frå Telenor, er lagt ut her på websida.  Du kan også kosa deg med litt presseomtale og nokre bilete frå festivalen.  Vi vil etter kvart leggja ut eit meir omfattande biletalbum.  Takk for besøket og velkommen tilbake neste år!  Festivalen blir arrangert 30. juni - 1. og 2. juli 2005. Sjå Historie 2004 for bilete og pressselinkar om festivalen i 2004.


Programmet er klart! ( Lagt ut 14.05.04 )
  Programmet er på plass! Siste band ut er Ten Years After ( UK ), som er i knallform.  Det har vore jobba lenge og hardt for at du skal få høyre dei beste artistane innan blues, rock og soul.!! Me gleder oss til å få deg på besøk! Artistane gleder seg til å spela for deg. Nå er det berre å planlegga tur til Skånevik jo før jo heller. Her skal det bli moro, og flotte opplevingar!!!


Billettsalet startar ( Lagt ut 24.04.04 )
 
Dei som ønskjer å kjøpa 2 dagars kombibillett vil først få muligheita.  Gå inn på Billettservice eller ring tlf. 815 33 133 for å tinga billettar.


Helsing frå Festvalleiinga ( Lagt ut 16.03.04 )
 
Programmet til årets festival er snart i boks, og blir lagt ut heile tida så snart artistane er klar.  Billettsalet startar i månadsskiftet mars/april.

Vi gler oss veldig til å få deg på besøk i år igjen. Her skal det bli mykje moro og topp musikk. Festivalutstiller er Egil Bjørnestad.

Ellers vil me gjerne presentere ein ny arena til festivalen i år.  House of Blues vil forhåpentlig stå klar til 1. juli.  Arenaen er på bryggekanten med stort uteområde og sjøsprøyt på solbrillene!!

Velkommen!!
Helsing Alf W. 

Innhald

Ungdomsscene

Programmet er klart

Daniel Norgren til Skånevik

Chris Thompson & Mads Eriksen band

Twisted Sister klar for Skånevik

Festivalpass

Thin Lizzy til festivalen

Nye artistar til Skånevik

Killer Queen tilbake til Skånevik

Dana Fuchs til Skånevik Bluesfestival

To nye artistar til festivalen

Shemekia Copeland og Larry McCray kjem

Store artistar er alt klare for festivalen i 2012

Filmen om festivalen i 2011 er klar

Takk for ein strålande festival

Festivalutstillar 2011: Nils Pedersen

Programmet er klart

Artistane til Blues Cruisa er klare

Never The Bride og Scandinavian...

Nye artistar er klare

Video frå festivalen i 2010

Gary Moore har gått bort

Billettsalet har starta

Hans Bollandsås klar for festivalen

Journey og Foreigner til Skånevik

Nye artistar!

Fleire store artistar er alt klare!

Programarbeidet i full gong

Ein strålande festival

Kjem til Skånevik

Startar Europaturneen i Skånevik

Billettsalet startar

ZZ Top til festivalen

Dei første artistane...

Gle deg til første veka i juli 2010!

Ei strålande Blueshelg

Velkommen til festivalen

Ekstra Blues Cruise fredag
 
Alice Cooper klar for festivalen

Billettsalet startar

Beth Hart Kjem til Skånevik

Første bandet klart for festivalen!
 

Skånevik Bluesfestival 2009!
 
Takk til publikum!
 

Det blei ein strålande festival!

Kjære festivalpublikum!

Billettsalet har starta

Iggy Pop til festivalen
 

Artistar som er klar
 

Bookingarbeidet i full gong

Bilete frå festivalen 2007

Bluescampen

Frå media under festivalen
 

House of Blues klart for festivalen

The Waterboys klar for festivalen

Rockelegende til festivalen

Kjære festivalvenner

ZZ Top European tour cancelled

Dusty Hill er blitt alvorleg sjuk
 

Nesten alle billettypane er klar for sal
 

Billettsalet for 2007 har starta

Her kjem House of Blues

Dei første for 2007 er klar

Fekk fylket sin kulturarbeidarpris

Datoane for 2007 er klare 

Festivalutstilling 

Fotokonkurranse

Deler ut musikk-stipend

Det beste programmet...

Billettsalet for Whitesnake startar!
 

Hei Festivalvenner

Planlegginga har starta
  

Privat overnatting
 
Programmet er klart
 

Programmet tar form
 

Billettsalet 2005
 

Festivalen i 2005
 
Johnny Winter står på for festivalen
 
Festivalen 2004 var ei stor oppleving

Programmet er klart

Billettsalet startar

Helsing frå festivalleinga