Chuck Berry (US)

  Det er svært mykje å seia om Chuck Berry, men vi skal uttrykkja oss kort:  "The King of Rock 'N' Roll"  Endeleg kjem han til Noreg, nærare bestemt Skånevik Bluesfestival.  Ved sidan av Elvis er Chuck Berry den av grunnleggjarane av rocken som har hatt størst innverknad på denne musikkforma.

  Songane han har laga er innspelt av eit utal av artistar over heile kloden.  Kven har ikkje høyrt om Roll Over Beethoven, Rock And Roll Music, Sweet Little Sixteen, Johnny B. Goode og Memphis Tennessee?

  Han har spelt saman med svært mange andre toppartistar. John Lennon uttalte at om Rock and Roll skulle ha eit anna namn kunne ein
like godt kalla den:
  Chuck Berry