Gary
Moore (GB) 
Vi er svært stolte over å kunne henta Gary
Moore til Skånevik Bluesfestival. Fredag 5. juli 2002 vil bli ein
merkedag i livet til mange blueselskarar. Gary Moore er ein stor artist.
Gary
Moore er kjend som ein av dei finaste musikarane som Storbritannia
har fostra. Karrieren
starta i 1960 og han har vore innom mange musikktypar.
Han har spelt i band som Thin Lizzy, Colosseum II og Skid Row for
å nema tre. På sin siste CD
Back To The Blues går han tilbake til røtene på ein frisk
og revitalisert måte.
Gary
Moore blei fødd i Belfast i Nord – Irland i
1952. Slik som mange andre blei han først tent på rock and roll
ved å høyra på Elvis og The Beatles.
Artistar som Jimi Hendrix og John Mayall’s Bluesbreakers ( Deltok
på Skånevik Bluesfestival i fjor ) opna han for den rike verda til
bluesen. Ved å høyra på
store bluesgitaristar som Peter Green blei han klar over si
musikkinteresse og etter kvart blei han sett på som eit talent utanom det
vanlege. Peter Green hjalp
han framover og det var noko Gary Moore sette stor pris på.
CD-en Blues For Greeny frå 1995 er ein hjartevarm
hyllest til sin rådgjevar og hjelpar Peter Green.
Det
første viktige bandet til Gary Moore var Skid Row og dei fikk
platekontrakt med CBS i 1970. Gary
flytta til Dublin og han spelte inn tre plater med dette bandet.
Han turnerte også i USA med The Allman Brothers Band og Mountain
og andre band før han slutta i Skid Row for å starta si solokariere.
Denne
varte berre ei kort stund før han spelte saman med Phil Lynott igjen
i supergruppa Thin Lizzy. Han
spelte i gruppa berre periodevis men var med på fleire turnear, m. a. den
svært vellukka 'Black Rose' turneen i 1978.
I
1979 begynte Gary si solokariere for alvor å utvikla seg. Med den stemningsfulle singelen Parisienne Walkways
der Phil Lynott var vokalist og Gary spelte sologitarist fekk dei ein hit.
Singellåten låg på UK Topp Ti og det følgjande albumet blei
tilsvarande godt mottatt.
Slutten
av 70-talet og i starten av 80-åra var karakterisert av at Gary søkte
den beste musikalske settingen for sitt talant.
Han og Lynott laga hit singelen Out In The Fields i 1985.
Det var først med megaalbumet Still Got The Blues i 1990
Gary fikk vist sitt verkelege eg. Plata
var spekka av kreativ og glimrande spelt blues.
Den blei en stor suksess.
Denne
og neste albumet After Hours førte til at Gary blei sett i same
klasse som bluesartistar som Albert King, BB King og Albert Collins!
I 1994 jobba Gary saman med Ginger Baker og Jack Bruce i bandet BBM.
Dei laga eit flott album før Gary gikk tilbake til solokarrieren sin.
Etter
dei meir eksperimentelle albuma Dark Days In Paradise og A
Different Beat viser Gary på sin siste CD Back To The Blues frå 2001
at han er ein ekte forsvarer av bluesmusikken. Det svinger og rocker på
ein måte som viser at Gary har funne tilbake til den musikkformen som
passar best for hans store talent. Talentet
som fikk nøring første gong då ein 16 åring høyrde på Peter Green.
Diskografi
Som Gary Moore Band Grinding
Stone (Columbia 1973), Back On The Streets (MCA 1979), Corridors Of
Power (Virgin 1982), Dirty Fingers (Jet 1983), Live At The
Marquee (Jet 1983), Victims Of The Future (10 1984)?, We
Want Moore! (10 1984), Run For Cover (10 1985), Rockin'
Every Night - Live In Japan (10 1986), Wild Frontier (10 1987), After
The War (Virgin 1989), Still Got The Blues (Virgin 1990), After Hours (Virgin
1992), Blues Alive (Virgin 1993), Blues For Greeny (Virgin 1995), Dark
Days In Paradise (Virgin 1997), A Different Beat
(Raw Power 1999), Back To The Blues (Sanctuary 2001). Samle-CD frå
Virgin Sverige: Walking by myself - the best of blues. (2002)
Gode
websider om Gary Moore
http://www.gary-moore.com/
og http://www.garymoore.org
|