John Mayall And 
The Bluesbreakers
(UK/US)

  Det er ein av dei verkleg store bluesartistane i verda som i år gjestar Skånevik Bluesfestival.  John Mayall And The Bluesbreakers kjem frå ein omfattande turne i USA og Europa til Skånevik i juli.  Mayall bli rekna som ein levande legende – hærføraren for den engelske bluesinvasjonen som rulla inn over Europa på 60/70-talet og som framleis kan trollbinda eit stendig større bluesinteressert publikum.

  Mange kjende rock – og bluesartistar har blitt inspirerte av Mayall.  Han oppdaga og lærte opp Eric Clapton, Peter Green, Mick Fleetwood og Mick Taylor for å nemna nokon.  Mange framtredande musikarar har vore med i The Bluesbreakers.

 John Mayall blei fødd i Manchester i 1933 og han var tidleg opptatt av jazz og blues. Og etter deltaking i Koreakrigen starta han gruppa The Powerhouse Four i 1956 og etter det The Blues Syndicate.  Mayall trakterer både keyboard, munnspel og gitar og han er ein dyktig vokalist, komponist og tekstskrivar.  Det var først etter at Alexis Korner oppdaga han i 1962 og fikk han til å flytta til London, at karrieren starta på alvor.  John Mayall starta no den profesjonelle karrieren under namnet John Mayall’s Bluesbreakers.  Etter ein del utskifting av musikarar møtte han Eric Clapton som gikk inn i gruppa.  Dette resulterte i den første store hit albumet for gruppa.  Sjølv om Clapton slutta etter nokre år for å danna Cream fortsette suksessen til John Mayall og gruppa hans. John Mayall fikk etter kvart staus som ein stor, hardtslåande tolkar av Chicagobluesen samstundes som han oppdaga og vidareutvikla nye bluestalent.

  I 1968 flytta John Mayall til California og han begynte å gi ut plater med forskjellige med forskjellige musikarar.  Populariten blomstra i USA og den akustiske plata The Turning Point med songen Room To Move blei ein rockeklassikar.  Gjennom 70-talet spelta han samen med mange store amerikanske jazz/rock/bluese-artistar og deltok saman med John Lee Hooker og T-Bone Walker på deira første Englandsturne.

  På slutten av 70 – talet var interessen for blues nede i ein bølgedal.  Dette påvirka sjølvsagt også interessa for John Mayall og han måtte kjempa for karrieren sin.  Samstundes førte han ein kamp på det personlege plan.

  Etter kvart snudde alle vindane i ein positiv retning for John Mayall.  Han vant over dei personlege problema og bluesinteressa blant publikum auka.  I 1983 fikk han danna ein ny og stabil utgåve av The Bluesbreakers.  Frametter 80 – og 90 talet har John Mayall And The Bluesbreakers haldt mange konsertar med stor suksess  rundt om i verda.  Som døme kan ein nemna at konsertane med Coco Montya og Walter Trout  som ein del av Bluesbeakers ofte tok heilt av .  Samstundes har han gitt ut nye plater ( 43 i alt) og på den siste Padlock On The Blues i 1999 hyller han den tidlause bluesen som inspirerte han som ung.  Med seg på plata har han sin gode venn John Lee Hooker.  I 1994 var han Grammy-nominert for albumet Wake Up Call.  I mai i år kjem han ut med ein ny CD (Along For The Ride) der mange av dei kjende ”elevane” hans deltek 

  I dag er John Mayall And The Bluesbreakers eit svært ettertrakta band med denne besetningen:  Joe Yuele - trommer, Buddy Whittinton - gitar,  Hank van Sickle - bass og Tom Canning - keyboards.  Sjølv om Mayall er 67 år viser han ingen teikn på at han vil ta det roleg.  Han har store planar for å halda bluesen levande i mange år enno.  Vi vil avslutta med orda til Eric Clapton: John Mayall has actually run an incredibly great school for musicians.   


John Mayall


Joe Yuele


 Buddy Whittinton


Hank van Sickle


Tom Canning