Odd
Nordstoga
( N )
Odd Nordstoga kjem ifrå ifrå Vinje i
Telemark. For å vera heilt nøye, så kjem han frå garden Plassen. Der
trødde han sine barnesko, nett som Aasmund Olavsson Vinje gjorde det 160
år tidlegare. Nordstoga har nok ingen ambisjon om å fylle skoene til den
store forfattaren, men gjennom musikken sin har også Nordstoga nådd over
dei grankledde åsane i Vinje og utover landet. No er det også slik at
Vinje er kjend som ei bygd med lange tradisjonar for å forsyne landet med
dikt og songar. Odd Nordstoga er ein av dei som gjer sitt beste for at
dette gode ryktet skal halde fram.
Han er ellers ein mangslungen
figur som artist og musikar. I musikken sin balanserar han på knivseggen
mellom tradisjonsmusikk og popmusikk. Der prøvar han så godt han kan å
ikkje dette plumt ned på nokon av sidene, men istaden bygge sitt eige
vesle musikalske småbruk der oppe på eggen. Der kjenner han seg heime,
og der høyrest han Odd ut, og det finn Odd naturleg, naturleg nok.
Historia til Nordstoga dei siste
åra er jo forsåvidt ikkje heilt hemmeleg, men for nykomarar så kjem her
ei lita oppsummering av høgdepunkta. Det siste Nordstoga gjorde før han
gav seg i gang med plata, som no er ferdig blankpussa, innpakka og klar
for publikum, var å vera med Herborg Kråkevik på oppsetninga ”Eg og
Edith”.
Men ein kan vel sei at det starta
med gruppa Something Odd og songen Fuggel i Karmen i 1998. Fuggel i Karmen
er nok av songane, om ikkje den songen, som har gått raskast inn og ut av
hitlista Topp 40. Rett opp på fjerdeplass, og sidan vart han sporlaust
borte. Ifrå lunefull popbransje gjekk Nordstoga over til folkemusikk og
gruppa Blåmann Blåmann, eit orkester som har spelt dei fleste stader og
festivalar ein kan som folkemusikar i Noreg. Men Blåmann har også gjort
nummer av seg langt utanfor folkemusikkmiljøet. Bandet vart heiltidsjobb
for to av medlemmane. No er Blåmann likevel på pause grunna individuelle
behov som ikkje heilt lett let seg sameine med full satsing. Ei forsåvidt
kjend problemstilling i bandsamanheng. For Nordstoga tok no Nivelkinn, eit
folkemusikkprosjekt saman med musikaren Øyonn Groven Myhren, det meste av
tida ei god stund. Dette prosjektet starta med ein konsert i Bø den 4.
august 2001 og enda med spelemannsprisen i 2003.
No er Nordstoga endeleg, etter årelang
jobbing med riming og melodisnekring i leiligheten på Ekeberg, ute med
sit fyrste fullblods soloalbum. ”Luring” heiter den, og det er fordi
det passa så godt til bilete på framsida. Ellers kan ein legge det ein
vil i det. Om bondesonen frå Vinje er ein luring skal her vera usagt, men
plata har jo nokre lure ting ved seg og også noko å lure på. Litt
luring er heller ikkje å skjemmast over. Kva hadde verda vore om ikkje
folk hadde lurt litt innimellom. Det hadde ikkje blive mange songar i alle
fall. Og mange songar har det blitt frå Nordstoga gjennom dei siste åra.
Rundt 30 songar var på skisseblokka då han og produsent Kåre Vestrheim
gjekk i opptak fyrste gongen. 12 av desse har greidd seg gjennom knallhard
siling, og funne sin ærefulle plass på den endelege masteren.
Musikkarrangementa kan ein forutan
Vestrheim og Nordstoga takke dei rundt 20 spelemennene som har vore med
for. Dei har traktert hardingfeler, banjo, mandola, trøogel, fiolinar,
trekkspel og ein del andre ting som gjer at dette ikkje let alldeles som
andre pop-plater. Godlyden er det Mike Hartung og Kåre Vestrheim som står
for.
Besøk
websida til Odd Nordstoga.
|