Roller Coasters (N)

  Roller Coasters er eit 5-manns bluesband frå Sunnhordland, nærast identisk med eit av dei mest populære bluesbanda på Vestlandet i 1980-åra, Husnes Blueslag.

Dei har i dag munnspelaren Tore Hartvik Kristensen med seg. Han hadde sitt eige sagnomsuste band på sytti- og åttitalet; Hartvik And The Heartbreakers, hvor bl.a.Knut Reiersrud var med.

Roller Coasters starta opp igjen i 1995.  Sidan den gong har dei blant anna spelt på fleire festivaler og bluesklubbar.  Bandet spelar i like stor grad sjølvkomponert stoff som coverlåtar.

Roller Coasters  har følgjande mannskap:
Håkon Røstbø - Vokal og Gitar
Tore Hartvik Kristensen - Harpun og vokal
Finn Tore Hellesen - Gitar
Ole Bjarte Røssland - Trommer
Knut Karlsen - Bass