Roy
Rogers & The Delta Rhythm Kings (US)
Roy
Rogers vert rekna som ein strålande
slide-gitarist. Han kjem saman med The Delta Rhythm Kings til Skånevik
Bluesfestival fredagskvelden. Dette
vert ein kveld du seint vil gløyma.
Bonnie
Raitt – ein av verdas beste slide – gitaristar seier det rett ut: ...“His playing knocks me out
as simple as that", says Raitt. "Roy is one of the most
authentic interpreters of modern blues. He's a real master man who has
spent so much time getting in touch with and really honing in on his craft.
He's not an ivory-tower kind of player; he has a real understanding of a
lot of different blues idioms”..
Roy Rogers har vunne
mange prisar over heile verda. Døme
på dette kan vera Australian Blues Society, w. c. Handysis, nominasjonar
til Grammy og mange Bay Area Music Award.
Han har gitt ut mange plater og vert også rekna som eit svært
dyktig produsent.
I 1980 danna han gruppa The Delta Rhythm Kings og dei heldt framleis samam
sjølv om Rogers innimellom har turnert verda rundt og spelt inn plater
saman med mange andre kjende artistar.
Ein kan til dømes nemna John Lee Hooker, Allen Toussaint,
Miles
Davis og Taj Mahal.
Roy Rogers har fleire gonger gjesta Kongsberg Jazzfestival og Notodden
Bluesfestival. Kvar einaste
gong har han imponert det kravstore publikummet og pressa.
I 2001 besøkte han Skånevik og gjorde ein flott konsert.
Skånevik Bluesfestival ser verkeleg fram til
å ha Roy Rogers & The Delta
Rhythm Kings som gjestar. Vi
veit dei vil skapa kjempestemning i det store bluesteltet.
Besøk
heimesida til artisten
|