Ten Years After ( UK )
  Den britiske gruppa Ten Years After blei danna i 1967 av Leo Lyons, Ric Lee, Chick Churchill og Alvin Lee.  Dei blei etter kvart svært populære både i Europa og i USA.  Woodstock-festivalen i 1969 blei deira definitive gjennombrot og Alwin Lee fikk status som supergitarist.  Framføringa av den legendariske melodien ”I’m Going Home” under festivalen blir framleis rekna som ein av rockehistoriens store opplevingar. 

Fram til 1975 var TYA eit av verdas mest populære blues - rockband.  Dei deltok på mange store festivalar, haldt konsertar i USA, Europa, Australia og Asia og hadde millionar av fans verda rundt. 

I 1975 begynte Alwin Lee å gi ut soloplater og gruppa blei oppløyst.  I åra som fulgte prøvde ein fleire gonger å starta opp igjen – utan å lukkast.  Først i 2002, etter plateselskapa deira hadde gitt ut ein digitalisert utgåve av deira hits saman med upublisert stoff frå ein konsert i New York i 1970, fikk bandet ein renessanse og dei vart eit ”folkekrav” å får oppleva bandet live igjen.  Det lukkast ikkje å få med Alvin Lee igjen, men unge Joe Gooch blei ein svært god erstattar som vokalist og gitarist. 

Etter dette har gruppa turnert i mange land, særleg i Europa og USA/Canada.  Dei greier verkeleg å gjenskapa musikken, energien og spenninga som dei har vore kjent for sidan starten på 60-talet.  På konsertane blandar dei gamle hits med nytt stoff – gruppa er framleis i utvikling ikkje minst på grunn av Joe Gooch ( f. 1977 ) si inntreden i bandet.  Dei har nettopp gitt ut studio CD-en Ten Years After - now.

I vår gjesta Ten Years After Lillehammer Bluesfestival med stor suksess.  Og i media kan ein m.a. lesa:  - Lørdag var aftenen for lange gitarsoloer og heftige trommesekvenser under årets utgave av Lillehammer Bluesfestival. Også det et minne om 1960- og 70-åras rock og blues.  Rich Lee, Leo Lyons og Chich Church er fortsatt åndsfriske virtuoser på batteri, bass og keyboard. Alle unntatt frontfiguren Alvin Lee. Joe Gooch verken var eller er noen dårlig erstatter. «Unggutten» sang som et vidunder og dro gitaren gjennom såvel gråtende partier som forrykende bombardementer-.

Når Ten Years After går på scenen i Skånevik fredag kveld den 2. juli er dei midt i sin store Europaturne.  Du kan venta deg ei oppleving av det sjeldne. 

Les meir om Ten Years After og deira siste CD.