Tommy & The Runaway Boys (N)
   
  Tommy Kristiansen frå Dale i Hordaland (der de lager så fine gensere og lusekofter), er ein av Noregs mest talentfulle unge bluesgitaristar.

Han har vært på vegen i fleire år tross sin unge alder, og me som følgjar ham, merker framgong nærmast frå månad til månad. Tommy og hans Runaway Boys er store publikumstreffare på fleire festivalar og klubbar. Tommy Kristiansen er også ein fin vokalist og han har nå utvida bandet med Lars Hammersland på orgel. Elles er kompet det same: Ørjan Borge på trommer og Øystein Langhelle på bass.

Frå å vera eit rent rockabilly – og bluesband, har Tommy & The Runaway Boys utvikla seg til å bli eit band som spruter av energi og livslyst med rufsete rock and roll-blues som grunnlag. Gutane er heilt klart eit av dei mest spennande banda i Noreg akkurat nå og er å sjå og høyre på mange festivalar og klubbar over heile landet.

Dei har gitt ut CD`ene ”Swing, Shake & Boogie” (april 02) og ”Crazy Jane” (april 03). Begge er utseld frå lager. Tommy & The Runaway Boys gjer mellom 50 og 60 spelejobbar i året.

Meir info om bandet på:

www.tandtherunawayboys.com og www.tommykristiansen.net