
Her
kan du lesa litt om utviklinga til Skånevik Bluesfestival.
Frå den forsiktige starten i 1997 og om den etter kvart aukande
satsinga på store artistar som har gitt festivalen ry langt utover
landet sine grenser. Skånevik Bluesfestival
vil legge heile sitt hjarta i å skape musikalske opplevingar for deg
blant venner og flott natur!
1999
I 1999 blei
festivalen utvida til 3 dagar. Nytt for året var blueskonsert i Skånevik kyrkje søndag ettermiddag.
Her er nokre av artistane som deltok:

Reidar Larsen
Vidar Busk
Rita Eriksen

Deborah Coleman
John
Hammond
Tubesnakes
Skånevik Bluesfestival 1999 vart ein stor suksess. Publikum
strøymde til i eit antal av 3000 på konsertane under Blues Cruise,
Blues Lunch på Hotellplenen, Kyrkjekonsert og ikkje minst i
Bluesteltet fredag og laurdag. Artistane var i storform og lagde ei
stor oppleving for publikum med musikk for ein kvar smak.
Med artistar som John
Hammond, Vidar Busk and His True Believers, Reidar Larsen & The
Storytellers, The Spirit of Love Singers, Rita Eriksen, Nobody`s
Business, Deborah Coleman & The Thrillseekers, Flaaten,
Tubersnakes, Blues Project og Kim Fairchild måtte det bli bra.
Ei stor takk til eit fantastisk
publikum som skapte den rette festivalstemninga. Velkommen
tilbake i 2000. Vi skal lova deg eit tøft program og mykje
moro.
1998
Skånevik Bluesfestival
blei utvida til 2 dagar. Dei to hovudarrangementa
fredag og laurdag gjekk føre seg i eit stort bluestelt og stemninga var stor. Nytt
for året var Blues Cruise på Skåneviksfjorden og Blues Lunch på hotellplenen.
Alle arrangementa hadde svært mange besøkjande.
Frå programmet i dette året kan ein nemna
desse artistane:
Michael Roach, Good Time Charlie, Vetrhus Bluesband, Renn Loren, Flaaten
og Blues Project.

Michael Roach
Good Time Charlie
1997
Skånevik
Bluesfestival blei arrangert første gong i 1997. Målet var å skapa eit nytt
musikktilbod til bluesinteresserte på Vestlandet. Sjølv om ein berre hadde eit
stort arrangement i bluesteltet, blei festivalen ein stor suksess med høg stemning heile
kvelden.

Gary Moore begeistra publikum sommaren 2002
|