Billettsalet startar (Lagt ut
23.02.10) Salet av billettar
til Skånevik Bluesfestival 2010 har starta hos Billettservice. Festivalpass gjeld alle arena alle dagar/kveldar unntatt Blues Cruise. Passet er eit
armband som ein får utdelt på festivalkontoret i Skånevik.
Billettar
ZZ Top til
festivalen(Lagt ut
18.02.10)
Etter mykje
arbeid har vi endeleg fått bekrefta avtalen med ZZ Top (US).Denne gruppa har
millionar av fans over heile verda. Dei har rykte som eit
formidabelt live blues – rockband og har seld mange millionar
plater.
Dei kjem til Vestlandets Blueshovedstad fredag 2. juli. Då bør
du alt ha kjøpt billett til deira show i bluesteltet!
Dei første artistane er
klare!(Lagt ut
20.01.10) Vi
er godt i gang med planlegginga av den 14. Skånevik Bluesfestival.
Svært mykje arbeid gjenstår, men dei første artistane er alt klare:
Stjerneskotet Joanne Shaw Taylor og den hotte bluesfornyaren Aynsley
Lister. Begge frå England. Vi får også besøk av soul -
og gitalsjefen Eddie Cotton frå Missisippi.
I tillegg er også våre eigne bluesstjerner Bjørn Berge, Reidar Larsen,
Knut Reiersrud og Noregs souldiva Noora Noor klar for Skånevik Bluesfestival 2010.
Gle deg til første veka
i juli i 2010! (Lagt ut
14.10.09)
Hjarteleg takk til alle som var med og gjorde 2009-festivalen til
ein fest. Flott publikum! Supre frivillige! Som saman med mange
medhjelparar og aktørar har gjort Skånevik Bluesfestival til ein
fornøyelse å arrangere.
Neste år blir festivalen arrangert den 1. – 2. – 3. juli. Planlegginga
er i full gang, og mange artistar er alt på plass. Håpar du gler
deg til første helga i juli og ny Bluesfest i Skånevik.
Hjartelig takk for 2009 og velkommen i 2010. Helsing Festivalsjef
Alf Warloe Christophersen
Velkommen til Festivalen
(Lagt ut
30.06.09) Skånevik
er klar og ventar i spenning på deg og dine venner. Ein
kjempeflink og positiv gjeng som jobbar dugnad for å få dette til,
står klar til å ta imot deg. Ei helg full av musikalske høgdepunkt
med litt for ein kvar smak. Dette er den trettande festivalen
og me har hatt det fantastisk moro desse åra. Når ein ser tilbake på
alle dei flotte artistane og det fantastiske publikummet me har hatt
i Skånevik, kan ein ikkje anna enn å glede seg heile året til neste
festival. Her blir det Blues-Rock og Soul på programmet som vanlig,
og håper du får det moro og bra når du er hos oss. Ta vare på
vennene dine og andre på festivalen så blir dette ei flott helg.
Hjertelig velkommen til Skånevik Bluesfestival! Helsing Festivalsjef
Alf Warloe Christophersen
Ekstra Blues Cruise fredag
(Lagt ut
23.06.09) Det er med stor glede vi kan
stadfesta at det vert arrangert eit ekstra Blues Cruise på
Skåneviksfjorden fredag kl. 17.00. Under festivalen i år blir
det altså heile fire Cruise. Blues in a Cop spelar på alle
Cruisa. Billettar
kan tingast på Skånevik Fjordhotell.
Alice Cooper klar for festivalen (Lagt ut
14.04.09) No er det endelege programmet
for Skånevik Bluesfestival 2009 klart: Siste artist og ein av
headlinarane Alice Cooper (US) kjem til Skånevik og
opptrer i teltet den 4. juli. Det kjem til å bli litt av eit
show. Utan Alice
Cooper hadde det kanskje ikkje vore nokon KISS, Marily Manson,
Motley Crue eller David Bowie. Les meir
Billettsalet
startar
(Lagt ut 03.03.09)
Til helga startar
Billettservice salet av Festivalpass for alle dagar og arenaer
utanom Blues Cruise på Skåneviksfjorden. Pris kr. 1500,- +
avgift. Samstundes startar salet av pass for fredag og laurdag
i Bluesteltet. Pris kr. 995,- + avgift.
Beth Hart kjem til Skånevik
(Lagt ut 11.01.09)
Det musikalske og verbale
fyrverkeriet Beth Hart (US) kjem til Skånevik Bluesfestival
den 3. juli. Ho var i Noreg seinast i fjor og gjorde nokre
fantastiske konsertar. Les
meir på websida hennar
og les
om festivalen i Haugesunds Avis.
Første bandet klart for
festivalen! (Lagt ut
23.12.08)
Ingen
ringare enn legendariske
Watermelon Slim & The Workers
(US)
er første band som er klar for Skånevik Bluesfestival 2009. I 2008
vant
dei to Blues Music Award for beste CD og beste Bluesband. Litt av
ein prestasjon!
Watermelon Slim er inkarnasjonen av dei djupaste og
mest opprinnelege røtene i amerikansk musikk. Dei vil gje deg ei
stor oppleving i Skånevik til sommaren! Les
meir på websida deira
Skånevik Bluesfestival 2009
Datoane for Skånevik Bluesfestival
2009 er no bestemt til torsdag 2. juli - fredag 3. juli - laurdag 4.
juli. Du er hjarteleg velkommen til Vestlandets største
bluesfestival!
Takk
til publikum! (Lagt ut 14.08.08) Hjarteleg
takk for besøket på årets Festival. Det vart ei knall helg med
nydeleg ver og mykje flott musikk. Takk for alle positive
mailar og for at alle tar vare på kvarandre på festivalen.
Med så mykje folk, båtar og diverse er det viktig at ein er litt
obs på at alle har det bra og ikkje kjem ut for noko som ikkje er
bra. Ein
vil samstundes retta ei stor takk til alle dei frivillige som stilte
opp for sine respektive lag og for festivalen. Utan dykk blir det
ikkje festival.Artistane
var også i storform og gav mykje av seg sjølv under konsertane.
Alle vil gjerne tilbake snarast mulig. Me
er allereie i gong med planlegging av programmet for neste år og
vil gjerne at du skal komma med forslag til band som du gjerne vil
ha med på festivalen. Det vil også bli lagt ut ei avstemming på
nokre artistar her på wesida. Dei med flest stemmer vil få spela på
Skånevik Bluesfestival 2009. Skånevik
gir gass igjen, og du er hjertelig velkommen 2. - 3. - 4 juli 2009. HelsingFestivalleiinga
Kjære festivalpublikum! (Lagt ut
27.06.08)
Alf Warloe Christophersen: Endelig
er det Skånevik Bluesfestivaligjen.
Lange forberedelser er snart slutt, ogSkånevik
er igjen klar for å ta imot deg somfestivalgjest.Her
drar mange lasset saman for at duskal
ha det bra under festivalen, og få den opplevelsen me vil du skal
ha når du er iSkånevik.Gjennom
vinteren har me fått mange mailarfra
folk som gleder seg til festivalen og serpå
det som årets musikalske høgdepunkt.Slikt
gleder, og gir inspirasjon til å gi gass,og
laga kanskje den beste festivalen til nå.Det
er lagt mykje sjel i å plukka fram alledei
flotte artistane som komme på besøk tilSkånevik
desse dagane.Artistbudsjettet
er stort, og her blir detRock/Blues
og Soul natt og dag, slik varemerketfor
Skånevik Bluesfestival er.Ta
godt vare på deg sjøl og dei rundt degdesse
dagane. Sammen ska me laga ein flottfestival!Hjertelig
velkommen og nyt dagane medtopp
musikk og gode venner!!Helsing
FestivalsjefAlf
Warloe Christophersen
Billettsalet
har starta (Lagt ut 18.04.08) Programmet for Skånevik
Bluesfestival er no klart. Vi er svært stolte over å ha
henta store artistar som Iggy Pop & The Stooges, Delbert
McClinton og Robert Randolph &
The Family Band til festivalen. Programmet som heilskap er , etter
vår meining, det beste vi har presentert. Billettsalet
har starta og vi trur det vil vera lurt å tinga billettar snarast
til nokre av arrangementa. Velkommen til Skånevik
Bluesfestival!
Iggy
Pop til festivalen (Lagt ut
03.04.08) Fredag
4. juli dukker den amerikanske rockeren, legenden og gudfaren
opp i teltet i Skånevik. Iggy har med seg bandet sitt – The
Stooges. Iggy Pop og hans menn kommer fra USA til Helganes for
å gjøre eksklusiv konsert i Skånevik. Iggy
Pop er rockens villmann. Sammen med The Stooges ga han i 1970
ut klassikeren "Fun House" – ofte på topp 5 over
tidenes album – før superfan David Bowie produserte nok en
klassiker i "Raw Power" utgitt 1973. Les
meir
Artistar
som er klare (Lagt ut 03.02.08) Sjølv
om headlinarane enno ikkje er klar, legg vi ut eit knippe band som
vi veit kjem til festivalen. Dette blir den 12. blues-
og rockfestivalen i Skånevik. Vi vil bruka all vår erfaring
frå tidlegare saman med nye impulsar for å gje deg og dine ei
strålande oppleving du seint vil gløyma. Følg med på vår
webside - nye artistar blir lagt ut etter kvart som dei er klare.
Bookingarbeidet
i full gong(Lagt ut
første gong 29.11.07) Arbeidet
med booking av artistar til Skånevik Bluesfestival 2008 er i full
gong. Her blir det som tidlegare blues - rock - og
soulartistar på rekke og rad. Følg med!
Bluescampen
( Lagt ut 22.07.07) Takk til all dei som budde
på bluescampen. De var utruleg flinke til å rydda etter
dykk. Tusen takk! Helsing bluescampansvarleg Tove
Samland
House
of Blues klart for festivalen (
Lagt ut 23.06.07 )
Vi har jobba hardt for at du skal få oppleva stemninga
inne i og utanfor vårt nye, flotte House Of
Blues.
er bygd i sjøhusstil og tar vare på gamle tradisjonar i vårt
område. Innreiinga av House Of Blues - lokalet er spennande
og prega av dei mange bluesstjernene som vi
har hatt på besøk. Vår mål er at det einaste House Of
Blues i Noreg gjennom heile året skal gi mange storslåtte
opplevingar Skånevik, Sunnhordlands Perle. Nytt av året under
festivalen er arrangement inne i HOB både fredag og laurdag kveld.
(Bilete av Sigurd Eikemo)
The
Waterboys klar for festivalen(
Lagt ut 21.06.07 ) Bandet
med Mike Scott i spissen kjem frå Norwegian Wood -festivalen der
dei haldt ein formidabel konsert som VG ga terningkast 6. Dei
skriv m.a.: Mike
Scott og hans venner tok ut alle de velkjente elementene - det
aggressive raseriet og den lavmælte spenningen, de gode låtene og
de krasse tekstene, den hjemlige (irske) musikktradisjonen og den nærmest
episke feelgood-stemningen som oppstår når Waterboys bretter ut
sin katalog av stolt frihetsrock. Les
meir i programmet
Rockelegende
til festivalen(
Lagt ut 14.06.07 ) Paul
Rodgers, legenden frå Free, Bad Company og The Firm er klar
for Skånevik Bluesfestival. Han
har seld meir enn 90 millionar plater og har skrive, spelt inn og gitt
ut28 album siden
1968. Kven kjenner ikkje låta "All Right Now".
I 2005 turnerte han saman med Queen, som vokalist i eit at
verdas tøffaste rockeband. Les meir i programmet
Kjære
festivalvenner (
Lagt ut 12.06.07 )
Beklager at det har dratt litt ut med
erstattere for ZZ Top, grunnet vanskelig dato over heile Europa. Vi
kommer med 2 nye artister på programmet denne veka. Det vil bli eit
Rockeband på torsdagen og eit Rock`n Roll band på laurdagen. Så
dette skal bli bra!
Dersom det er noen som vil ha refundert lørdagsbilletten,
så er det mulig i denne uke 24 å kontakte
billettservice/posten, så ordner det seg.
Viss du ikkje kjem til Skånevik, går du glipp av ei stor
festivaloppleving! Her
blir det mange knallkonserter og full festivalstemning!
Hjertelig velkommen!
Helsing Festivalleiinga
ZZ
Top European tour cancelled (
Lagt ut 21.05.07 )
Pressemelding frå manageren til ZZ Top:
ZZ
Top’s planned European concert tour that had been slated to start
this June has been cancelled so that the band’s Dusty Hill can be
treated for an acoustic neuroma. According to attending
physician Shawn S. Nasseri, based in Beverly Hills, the ZZ Top
bassist’s condition which could have an impact on his hearing and
sense of balance is the result of a small benign growth in his inner
ear. The band finds it unable to reschedule those dates due to
a domestic performance schedule that had already been booked.
They expressed their sincere regrets and disappointment to their
European fans in not being able to make the trek over this year.
Dr. Nasseri, a Harvard Medical School graduate who trained in
otolaryngology at the Mayo Clinic, spoke on behalf of Hill’s
medical team, “In the near term, we plan to stabilize Dusty’s
hearing and symptoms with medication and a conservative management
strategy.” Nasseri, who has treated a number of legendary
vocalists in his practice, indicated that surgery was not
contemplated at this time and that, after the foreseen treatment,
Dusty would be able to rejoin his ZZ Top band mates Billy F Gibbons
and Frank Beard for touring later this summer.
Dusty Hill remarked, “I feel that I’m very good hands now
and I’m looking forward to dealing with this problem and being out
there with Billy and Frank again soon. With the support of my
family and our fans, I’m sure we’ll put this behind us very
shortly.”
ZZ Top has been very active of late with an intensive
domestic touring schedule that recently culminated with their being
lauded in Las Vegas this past weekend as part of VH 1’s Rock
Honors special to be aired May 24th. Highlights of the he
band’s 39 years together were chronicled by Academy Award-winner
Billy Bob Thornton with Nickelback performing the ZZ Top classic
“Sharp Dressed Man” prior to Dusty, Billy and Frank taking the
stage at the Mandalay Bay Events Center for a set that included
“La Grange,” “Cheap Sunglasses,” “Gimme All Your Lovin’”
and “Tush” featuring Dusty Hill’s lead vocal.
Dusty
Hill er blitt alvorleg sjuk (
Lagt ut 14.05.07 )
Bassisten Dusty Hill i ZZ Top er blitt alvorleg sjuk
og starter strålebehandling omgåande. Vi er alt i full gang
med å skaffe erstattar for ZZ Top, og har alt fleire spennande band på
blokka.Les pressemeldinga til ZZ Top
Nesten
alle billettypar er klar for sal (
Lagt ut 23.04.07 )
Programmet for årets
festival er snart heilt klart. Vi meiner vi har det beste
programmet nokon gong. Høyr berre kva bluesguruen i NRK
Geir Hovig seier om årets festival til Bladet Blues News:
... Nå har de sikret seg ZZ Top. Da tenker jeg det blir kaos
( i positiv mening ) i denne naturperlen ved innseilingen til
Hardangerfjorden. Det eneste showet ZZ Top gjør i Norge, og
det kommer til å bli en pågang uten sidestykke. For oss som
lever og ånder for kulturen rundt denne musikkformen er det godt å
vite at Billy Gibbons & Co har bidratt med store summer til
bluesmuseer og andre kulturinstitusjoner in the Deep South opp
gjennom åra. Her blir det liv!... I denne veka blir billettane
til teltet fredag og komibillettane til teltet fredag og laurdag
lagt ut for sal. Det kan vera lurt å sikra seg dei billettane
ein ønskjer.
Billettsalet
for 2007 har starta (
Lagt ut 07.03.07 )
Billettsalet for
Skånevik Bluesfestival 2007 har starta med
eit avgrensa tal med festivalpass som
gjeld alle dagar i Bluesteltet, dagtid ved House of Blues og på
Hotellplenen. Det
vil bli lagt ut enkeltbillettar for dagar og enkeltarrangement etter
kvart som programmet for dei enkelte dagane er klart. Alle
billettar blir lagt ut i løpet av mars månad.
Les
meir
Her
kjem House of Blues (Lagt
ut 10.01.07) Haugesunds
Avis: Det
gamle sjøhuset er reve og grunnarbeidet er i gang: Til
bluesfestivalen i sommar skal Alf Warloe Christophersen og broren
Dag Petter med partnarar ynskja velkomen til landets einaste "House
of Blues". –
Eg kjenner det slik at me tar bluesfestivalen eit steg vidare. Med
dette huset blir det konsertar og småarrangement heile året. I første
etasje, på kaiplan, får me sjølve bluesklubben med ein scene,
forklarer Alf Warloe Christophersen.
"House of Blues" blir på "Gamlekaien" i
Skånevik sentrum. Bygget får tre etasjar. Dei to øvste høgdene
skal innehalda fem husvære. Les
meir i Haugesunds Avis
Dei
første for 2007 er klar (
Lagt ut 20.12.06 ) Gitaristen
og vokalisten Coco Montoya er første namn som er klar for neste års
bluesfestival her i Skånevik. Montoya har spelt i banda til m.a.
John Mayall og Albert Collins. Andre artistar som er klare til
festivalen i juli 2007 er Chicago legendene Billy Boy Arnold, Deitra Farr og Jody
Williams frå Chicago. Følg med på programmet
og sjå kva for artistar som etter kvart kjem til.
Fekk
fylket sin
kulturarbeidarpris(Lagt ut
20.12.06 ) Hordaland
fylkeskommune sitt nyoppretta kulturarbeidarstipend vart delt ut for
første gong under fylkestinget 13. desember i år. Prisen
vart delt mellom fire aktørar og ein av dei er Skånevik Bluesfestival.
Alf Warloe Christophersen fikk kr. 10.000 på vegne av
festivalen.
Det er kultur- og ressursutvalet i fylkeskommunen som har vedteke å
oppretta stipendet, og leiar i utvalet, Georg Indrevik, stod for
utdelinga.
Grunngjevinga
for utdelinga var mellom anna: Interessa
for festivalen er stor, han er vorten utvida fleire gonger, og fokus
på store artistar har gjeve festivalen ry utover landets grenser. Festivalen har vorte eit kraftfullt innslag i «Bluesbygda
Skånevik» og regionen omkring, og medverka til å skapa stor
aktivitet og knoppskyting i lokalsamfunnet. Festivalen har sett Skånevik
på kartet for musikkinteresserte menneske på heile Vestlandet, og
har blitt ei merkevare og ein samfunnsbyggar for Skånevik, sa leiar
i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik, ved tildelinga til Skånevik
Bluesfestival, ved festivalsjef Alf Warloe Christophersen.
—
Me set stor pris på dette. Det er ekstra kjekt at folk utanfor
lokalsamfunnet også legg merke til det me jobbar med. Det gjer oss
ekstra lyst til å bygga vidare på Skånevik Bluesfestival, seier
Alf Warloe Christophersen til festivalen si webside.
Datoane
for 2007 er klare (
Lagt ut 14.11.06 )
Datoane for neste års festival blir torsdag 5. -
fredag 6. - laurdag 7. juli 2007. Velkommen til ei strålande
oppleving du seint vil gløyma!
Maleriutstilling
ved 10 års jubileet (
Lagt ut 21.06.06 )
Utstillingen
på Skånevik Fjordhotel åpner fredag 7. juli kl.18.00 og
varer ut helgen. Kunstneren
Nils Pedersen er tilbake som festivalutstiller på den 10.Bluesfestivalen i Skånevik.Kunstneren er født i Skånevik og har bodd hele sitt voksne
liv i Oslo. Han var festivalutstiller på bluesen både i 2001 og
2002, med stor oppslutning og god presseomtale begge gangene. De
siste 5 åra har Pedersen reist mye i utlandet. Der han har
arbeidet med å utvikle seg som kunstner, bl.a. i India. I denne
tida har han hatt 10 utstillinger i inn og utland. I oktober i fjor
var han invitert til å holde en utstilling i Iowa, USA.
Utstillingen fikk strålende omtale.
I Nov-05 åpnet en kollektiv utstilling i Emerald Gallery, Fairfield,
Iowa med ca. 40 inviterte kunstnere fra hele USA og resten av
verden, der Nils Pedersen også var med.
Utstillingen
i Skånevik er sammensatt av verker fra de tre siste åra. Han
presenterer både figurative og abstrakte uttrykk, rike på farger
til dels med en dramatisk spenning mellom de ulike flatene og
partiene i maleriene, som ofte forsterkes når man gir seg god tid
til å betrakte arbeidene hans.Pedersen bygger opp maleriene sine lagvis. Han har aldri noen
idéer på forhånd, men følger helt og holdent den skapende
prosessen, der han snur maleriet hele tiden, slik at det males
kontinuerlig fra alle 4 sider mange ganger, helt til det føles
ferdig. Les
mer om kunstneren Nils Pedersen
Fotokonkurranse (
Lagt ut 16.06.06 ) Ta
med kamera når du gjestar Skånevik Bluesfestival i år.Send inn dine beste stemningsbilete frå Skånevik
Bluesfestival 2006 og bli med i konkurransenom gratisbillettar til festivalen neste år.Frist for innsending av bilete ( maks 3 pr. person ) er 1.
oktober i år.Ein
fagjury vil plukka ut dei fem beste bileta som vil bli premierte og
presentert her på websida til festivalen. Alle gode bilete
kjem med i fotoalbumet frå Skånevik Bluesfestival 2006.Send bileta som vedlegg til e-post på adressa adm@skaanevik-blues.com
og merk emnefeltet med Fotokonkurranse06. Hugs namnet
på innsendar.
Deler
ut musikkstipend (
Lagt ut 16.06.06 ) Skånevik
Bluesfestival skal i år dela ut eit kulturstipend til unge
musikarar.Stipendet
på kr 10.000 er eit resultat av samarbeidet med Posten.Festivalen vert arrangert for 10. gong og stipendet er ein
del av markeringa.Unge
framstormande utøvarar er aktuelle for stipendet innan sjangrar som
blues, rock og soul.Det
andre kriteriet et at kandidatane må vera frå Etne eller
Vindafjord kommune.Send
inn cd med smakebitar på det de har laga av musikk til Skånevik
Bluesfestival v/ Alf Warloe Christophersen 5593 Skånevik.
Ein jury vil vurdera kandidatane og prisen vert delt ut under
konserten ved House of Blues laurdag 8. juli. Les
meir i Grannar
Det
beste programmet nokosinne(
Lagt ut 27.04.06 ) Programmet
for den 10. Skånevik Bluesfestival er no klart. Det beste
nokon gong - etter
vår meining. Toppartistar som Whitesnake (GB), DumDum Boys(N)
og The Original Blues Brothers Band (US) vil skapa ei fantastisk stemning i
Noregs Største Bluestelt tre kvelder på rad. Du bør alt no tinga
billettar for å sikra deg plass på desse konsertane. Velkommen
til strålande dagar i Skånevik!
Billettsalet
for Whitesnake startar!(
Lagt ut 15.03.06 ) Fredag
16. mars startar billettsalet
for konsertane i teltet laurdag 8. juli der det store britiske
rockegruppa Whitesnake er hovudattraksjonen. Det er
lurt å bestilla tidleg. Billettane til dei andre arrangementa
vert også snart lagt ut.
Hei
Festivalvenner!(
Lagt ut 06.02.06 ) Nå begynner det å strøyma på med artistar til
2006- jubileet. Ein del artistar blir lagt ut nå framover, og
programmet vil bli ferdig i løpet av februar. Det vil bli
ei blanding innan Blues/Rock/Soul - sjangeren, som er varemerket til
Skånevik Bluesfestival.Lev i spenning, det blir mange kjempeartistar som
dukkar opp her på websida. Alt vert planlagt for at du skal ha ei
fantastisk Festivalhelg i Skånevik.Billettsalet vil også starta i februar.
Planlegginga
har starta( Lagt ut 26.09.05 ) Festivalleiinga er
i full gang med planlegging av neste års jubileumsprogram. Den 6.
- 7. - 8. juli i 2006 vil det bli gjensyn med nokre som har satt sitt preg på Festivalen
tidligare, og overraskingar frå den Internasjonale musikkverden. Lev
i spenning!
Du
må gjerne komme med
forslag og ynskje om artistar til festivalen. Publikummet vårt
er engasjert og entusiastisk, og det er me glade for. Følg med på
heimesida til Festivalen, eller meld deg på e-mail lista for info
ved endringar på sida.
Privat
overnatting
( Lagt ut 28.06.05 ) Dei som ønskjer privat
overnatting i Skånevik må ta kontakt
Tove Samland på tlf. 53 75 44 02! Sjå også Reise/Overnatting
for meir info.
Programmet
er klart!
( Lagt ut 04.06.05 ) No
er programmet for festivalen klart! Siste artisten som kom på plass
var Sista Monica eit fyrverkeri av ein blues-, soul- og funkartist
frå USA Det vil bli mange høgdepunkt i
år også. Programmet er satt saman slik at du skal få knallbra
musikalske opplevingar heile vegen. Med artistar som Europe (
S ), Tony Lynn Washington ( US ), Big Bang ( N ), Bjørn Berge ( N
), Sista Monica ( US ) og Roy Rogers (US) i spissen, vil nok dette
sette "fyr" i folk under festivalen.
Velkommen til Skånevik Bluesfestival 2005! Du vil får ei strålande
oppleving du seint vil gløyma.
Programmet
tar form ( Lagt ut 12.05.05) Sjølv
om programmet
for 2005 er framleis er under arbeid, har det meste no falt på
plass. Her vil det enno komma fleire store overraskingar!
Vi har no lagt ut eit førebels program
for dei einskilde arrangementa ved Skånevik Bluesfestival 2005.
Billettsalet
for 2005 ( Lagt ut 19.03.05)
Billettsalet startar 23.
mars. Nytt i år vil vera at det blir lagt ut billettar som
gjeld alle arrangement under festivalen. Dette vil bli eit
armband.
Festivalen i fjor vart utseld på einskilde dagar. Vi vil
oppfordra folk til å kjøpa billettar tidleg, slik at ein er sikker
på å få komma inn på alle konsertane.
Festivalen
i 2005 ( Lagt ut 22.12.04
)
Skånevik Bluesfestival
ligg ikkje på latsida. Vi jobbar knallhardt med booking for
2005. Lev i spenning!! Her blir det garantert mykje
bra! Festivalleiinga vil ønskja alle eit Godt
Nytt År!! Velkommen til Skånevik Bluesfestival den 30. juni og 1. og 2. juli 2005.
Johnny
Winter står på for festivalen
( Lagt ut 22.12.04 ) I fjor var legendariske Johnny
Winter på besøk ved Skånevik Bluesfestival. Han ga klårt
uttrykk for at han synest det var ein svært bra festival som blei
arrangert på ein svært fin plass - Skånevik. Johnny Winter gjorde
ein strålande konsert sommaren 2003 i Skånevik. Han held fram med
å reklamera for festivalen. På websida
til trommeslagaren i bandet hans, Wayne June, finn ein bilete av Johnny
i studio i New York kledd i sitt favorittantrekk: T-skjorta til
Skånevik Bluesfestival. Svært bra dette Johnny - du er
alltid velkommen til vår store festival på vestlandet. Festivalen
med dei største artistane.
Festivalen 2004 var ei
stor oppleving ( Lagt
ut 09.07.04 )
Det er inga tvil. Skånevik
Bluesfestival 2004 blei verkeleg ei oppleving ein seint vil gløyma:
Det var fleire publikum enn nokon gong, artistane viste seg frå si beste
side, stemninga var på topp og alle dei mange tusen som var her såg
verkeleg ut til å kosa seg i Skånevik denne første helga i
juli.
Ein streama video om festivalen, laga
av produktsjef Roger Flatebø frå Telenor,
er lagt ut her på websida. Du kan også kosa deg med litt
presseomtale og nokre bilete frå festivalen. Vi vil etter
kvart leggja ut eit meir omfattande biletalbum. Takk
for besøket og velkommen tilbake neste år! Festivalen blir
arrangert 30. juni - 1. og 2. juli 2005. Sjå Historie
2004 for bilete og pressselinkar om festivalen i 2004.
Programmet
er klart!
( Lagt ut 14.05.04 ) Programmet
er på plass! Siste band ut er Ten Years After ( UK ), som er i
knallform. Det har vore jobba lenge og hardt for at du skal få høyre dei
beste artistane innan blues, rock og soul.!! Me gleder oss til å få deg
på besøk! Artistane gleder seg til å spela for deg. Nå er det berre å
planlegga tur til Skånevik jo
før jo heller. Her skal det bli moro, og flotte opplevingar!!!
Billettsalet
startar ( Lagt ut
24.04.04 ) Dei
som ønskjer å kjøpa 2 dagars kombibillett vil først få muligheita.
Gå inn på Billettservice
eller ring tlf. 815 33 133 for å tinga billettar.
Helsing
frå Festvalleiinga (
Lagt ut 16.03.04 ) Programmet
til årets festival er snart i boks, og blir lagt ut heile tida så
snart artistane er klar. Billettsalet startar i månadsskiftet
mars/april.
Vi
gler oss veldig til å få deg på besøk i år igjen. Her skal det bli
mykje moro og topp musikk. Festivalutstiller
er Egil Bjørnestad.
Ellers
vil me gjerne presentere ein ny arena til festivalen i år. House of Blues vil forhåpentlig stå klar til 1. juli. Arenaen
er på bryggekanten med stort uteområde og sjøsprøyt på solbrillene!!