Trampled Under Foot (US) Dei
tre unge søskena i tok det norske publikumet med storm på Notodden
Blues Festival for to år sidan. Dei var på alle sine lepper kort tid etter
deira første opptreden. No i sommar kjem dei for tredje gong til Skånevik
Bluesfestival. Du kan verkeleg gle deg! Vi har
gjort eit kupp enno ein gong: Dei tre unge søskena Trampled Under
Foot frå USA kjem altså til årets festival. Namnet sitt har dei tatt frå ein
Led Zeppelin - låt.
I fjor gjorde dei som kjempesuksess i Skånevik og på Notodden og
publikum har forlanga at dei kjem tilbake i år. Dette er verkeleg
artistar som har slått til på kort tid. Kva tid opplevde du
sist eit band beståande av tre familiemedlemmer med to venstrehente
gitaristar og tre svært gode vokalistar, både kvinnelege og
mannlege. TUF vant
International Blues Challenge i 2008 og er heilt spesielt blues band
med store kvalitetar. Danielle er ein strålande bluessongar og
ein dyktig bassist. Kris er ein god trommeslager som også kan
synga. Nick er ein fantastisk gitarist som vant Albert King Award
for den mest lovande bluesgitaristen i USA for 2008. Desse
ungdommane er eit prov på at bluesen verkelg har ein stor framtid!
Danielle i storform
under Skånevik Bluesfestival i fjor