Eddie
Cotton jr. ein
ein svært dyktig elektrisk
bluesgitarist og blues-/soulsongar frå Clinton, Mississippi.
Han har sin musikalske bakgrunn
frå Jakson State Universitiy og timer hos den kjende bluesmannen
King Edward Antoine. Han hadde
også ansvaret for musikken i kyrkja som faren var prest i. Eddie
Cotton gjorde ein god figur som Robert Johnson i filmen som blei
laga om den legendariske bluesgitaristen. Han hadde også ei
hovudrolle i ein film som blei laga for å trekka turistar til
Mississippi. Dei siste åra har han turnert mykje saman med bandet
sitt i USA og i Europa. I sommar kan du oppleva den store
gitaristen i Skånevik.