ZZ Top ( US )
   Dei tøffe og verdskjende blues-rockarane i Texas-gruppa ZZ Top går på scenen fredag 2. juli i Vestlandets Blueshovedstad. Vi er utruleg stolte over å få dei til Skånevik.

Denne gruppa har millionar av fans over heile verda. Dei har rykte som eit formidabelt live blues – rock band og har seld mange millionar plater. Den blei danna i 1969 og består av Bill Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard.  Gruppa har framleis same besetningen som i starten. I 2004 blei dei vald inn i Rock’n’Roll Hall of Fame.  Du vil garantert få ei fantastisk oppleving og vi trur det blir svært stor rift om billettane denne kvelden.

ZZ Top ga ut si første LP i 1970 og starta med ein omfattande turnevirksomhet i USA der dei etter kvart blei svært populære.    Dei turnerte mellom anna saman med BB King og Muddy Waters og på deira ”Worldwide Texas Tour” i 1976 blei det seld langt over 1 million billettar.


I starten av 80 åra begynte gruppa også å turnera i Europa.  Dei blei meir og meir populære og deira niande LP Eliminator førte til at dei fikk sitt store gjennombrot på verdsbasis.  Karakteristisk i denne perioden var bruk av orginale og morosame musikkvideoar med vakre kvinner og raske bilar. Typisk var det også at kledde seg med store hattar, solbriller og langt fullskjegg.  Musikken deira på 80-talet meir og meir prega av synthesizere og modere rytmer og dei fjerna seg frå sitt blues-rock opphav.  

 

  Utover i 90 – åra gikk dei meir og meir tilbake til røtene som bluesmusikarar og i 1996 kom CD-en Rhythmeen som markerer at dei er tilbake i blues-rocken si verd.  ZZ Top vert framleis rekna som svært store blues – og rokemusikarar og deira CD – Mescalero frå 2003 har fått svært gode kritikkar.

Bill Gibbons er rekna som ein av USA sine beste bluesgitaristar med påverknad frå mange stilar, mellom anna av Peter Green.  ( Som har gjesta Skånevik Bluesfestival to gonger.)  Dusty Hill og Frank Beard ( den einaste utan skjegg ) utgjer den ultimate rytmeseksjon.  ZZ Top sin musikk er karakteristisk, kraftfull, djup og fylt med sjel og 100 % amerikansk i sitt opphav.  Velkommen til konsert med ZZ Top i Skånevik!!

Websida til ZZ Top.    Sjå og høyr meir ZZ Top på YouTube!