Velkommen til Årets Rockeshow med

Journey (US) og Foreigner (US/UK)
 
Torsdag den 30. juni vil du få ein fantastisk oppleving i det største festivalteltet i Noreg.  To av verdas mest legendariske og beste rockeband kjem til Skånevik Bluesfestival.  Journey har seld meir enn 80 millionar album og Foreigner berre 10 mill. mindre.  Altså til saman ca. 150 millionar album.  For første gong i historia opptrer dei i Noreg på same scenen.  Eit par veker tidlegare gjer dei det for første gong i England, på legendariske Wembley  Arena.  Hits og slagere vil fylle Teltet i Skånevik med Rock´n Roll og gi deg ein unik Happening!
 
   Legendene i  Journey med dei "gamle" hitane «Don't Stop Believin'», «Wheel in the Sky», «Separate Ways»( Worlds Apart ), «Any Way You Want It» og «Open Arms» vil garantert setja fyr i teltet i Skånevik denne sommarkvelden.  Meir enn ein million fans har sidan 2008 vore med på konsertar for også å høyra bandet sin nye hit «Never Walk Away» og «Any Way You Want It».
Bandet har hatt diverse utskiftingar og pausar siden starten i 1973 og består i dag av Ross Valory, Neal Schon, Arnel Pineda, Jonathan Cain og Deen Castronovo.  Dei to første har vore med i bandet sidan starten.  Dei har gitt ut heile 21 album.  «Revelation» , i 2008, deira 11. platinumalbum fikk strålande omtale m. a. i New York Times.  I år kjem dei med eit nytt studioalbum. Besøket på Skånevik Bluesfestival er ein del av deira store verdsturne og vi kan lova ein fantastisk kavalkade med rockeklassikarar og nyare stoff. 

 

  Meir enn 30 år etter at Foreigner vart danna er gruppa svært populær hos fleire generasjonar.  Sjølv om "I Want to Know What Love Is" er ein av pop-og rockhistoriens største hits og deira album er selt i meir enn 70 mill.,  lener dei seg ikkje tilbake og lever berre på nostalgi.  Deira siste album ”Can’t slow down”  er nr. 9 i rekkja og har vorte ein stor suksess.  Den inneheld ei flott blanding av rock og pop.  Velkommen til å oppleva dei under Skånevik Bluesfestival!

 
Offisiell webside  Facebook YouTube   MySpace  Presseskriv