Skip to content

Tubesnakes frå Stord er stolte over å få spela på Skånevik Bluesfestival endå ein gong! Bandet spelar breidbeint bluesrock med røter i Texas og The British Invasion. I sitt 28. år er bandet i gang med innspeling av ny musikk i studio. «Handful of Dust» er namnet på Tubesnakes si femte plate, og fullengdaren er planlagt utgjeven mot slutten av året. Sidan sist har bandet også gjeve ut plata «Tarred & Feathered» (2019). Albumet vart godt mottatt og streamingtala fekk god drahjelp av at folk som sat heime og streama musikk under pandemien. Bandet gledar seg til å få spela musikk slik den er meint å bli konsumert: Live og med publikum.

Tubesnakes er: Rolf Martin Haldorsen Gitar og vokal Johnny Stensletten bass Per Inge Stensletten trommer Per Kenneth Hauan tangentar.

Back To Top