Skip to content

Theodor Lucero klar for Skånevik Bluesfestival💥🎸

Etter 17 band hadde fått vist seg fram over to musikalsk fantastiske dagar på Stord og 100 dagar, var det den gnistrande Theodor Lucero som stod igjen med flest spelejobbar på sommarens festivalar.

Med eit fantastisk energisk band og storsjarmøren Theodor Lucero som naturleg midtpunkt fekk både bransjefolk og publikum eit forrykande show frå haugesundaren. Theodor Lucero imponerte såpass at han vann Vestlandssatsinga for 2024, og heile åtte festivaljobbar i sommar.

Sitat Daidalos Dahle og Jostein Sydnes:
«Theodor Lucero er skapt for scene og rampelys! Me er sikre på at han kjem til å bli ein suksess på årets festivalar. Det er godt gjort å få stemmer frå alle festivalane når me veit kor forskjellige profil og smak dei har, det vitnar om kvalitet. Dette er ein artist som kjem til å smelte mange nye hjarter i sommar. »

Sitat frå Theodor Lucero:
«Dette er ein unik mulighet som me griper med begge hendene. Me er utruleg takknemlige for at festivalene på vestlandet har stemt oss fram, og me gler oss enormt til å reise rundt og se alle dei nydelege festivalane i sommar»

Back To Top