Kyrkjekonsert med Bjelland & Mannskapet – ei musikalsk oppleving utanom det vanlige 😎😇
Med eit repertoar av Bjellands eigne songar, tradisjonelle bluegrasslåtar og salmar som har fått nytt liv i ei frisk og moderne innpakking.
Saman med erfarne musikarar som Jon Ørnes, Anders Lunde, Arnt Ove Kvernenes, Dagny Christophersen og Svein Egil Økland (film) spelte han inn songen «Han tek ikkje glansen av livet». Videoen, som framleis ligg på YouTube, fekk svært gode tilbakemeldingar og førte til mange oppmodingar om å arrangera kyrkjekonsertar i same stil.
Sidan den gong har Bjelland og Mannskapet halde konsertar i kyrkjer, bedehus og pubar. Repertoaret består av Bjellands eigne songar, tradisjonelle bluegrasslåtar og salmar som har fått nytt liv i ei frisk og moderne innpakking.
Vokalist Dagny Christophersen, kjend for si særegne stemme og formidlingsevne, bidreg både med kor og soloinnslag som utvidar det musikalske uttrykket og løftar konsertane ytterlegare. Publikum kan venta seg ei varm, energisk og variert musikkoppleving der tradisjon møter nyskaping.
Bjelland og Mannskapet har førebels to låtar ute på dei fleste straumetenester.
Desse er med:
-
Sveinung Bjelland – gitar og vokal
-
Dagny Christophersen – vokal og kor
-
Jon Ørnes – banjo, dobro, mandolin, gitar
-
Arnt Ove Kvernenes – munnspel
-
Anders Lunde – oppreist bass

