Skip to content

I 1999 blei festivalen utvida til 3 dagar. Nytt for året var blueskonsert i Skånevik kyrkje søndag ettermiddag. Her er nokre av artistane som deltok: Reidar Larsen – Vidar Busk – Rita Eriksen – Deborah Coleman – John Hammond – Tubesnakes.

Skånevik Bluesfestival 1999 vart ein stor suksess. Publikum strøymde til i eit antal av 3000 på konsertane under Blues Cruise, Blues Lunch på Hotellplenen, Kyrkjekonsert og ikkje minst i Bluesteltet fredag og laurdag. Artistane var i storform og lagde ei stor oppleving for publikum med musikk for ein kvar smak.

Med artistar som John Hammond, Vidar Busk and His True Believers, Reidar Larsen & The Storytellers, The Spirit of Love Singers, Rita Eriksen, Nobody`s Business, Deborah Coleman & The Thrillseekers, Flaaten, Tubersnakes, Blues Project og Kim Fairchild måtte det bli bra.

Ei stor takk til eit fantastisk publikum som skapte den rette festivalstemninga. Velkommen tilbake i 2000. Vi skal lova deg eit tøft program og mykje moro.

 

Reidar Larsen

Vidar Busk

Rita Eriksen

Deborah Coleman

John Hammond

Tubesnakes

Back To Top